Gravferdsseremonien blei derfor overført til skulen i reiarhøvdingen si heimbygd, Langevåg. Sokneprest Gunvald Bjotveit leiar sermonien. Hanne Krogh song til innleiing og til avslutting. Over 600 menneske frå fjern og nær kom for å visa si deltaking i sorga etter Lauritz Eidesvik som døydde brått, 70 år gammal, på ein skeisetur i heimetraktene for ei veke sidan.

Utanom slektningar, bygdefolk og fartøytilsette kom det representantar for Rederforbundet, for kollegar i inn— og utland. Olje- og energiminister Einar Steensnæs og forgjengaren Olav Akselsen deltok, det samme gjorde stortingsrepresentant og tidlegare ordførar i Haugesund, Finn Martin Vallersnes, Bømlo-ordførar Inge Reidar Kallevåg og hans Stord-kollega Magne Rommetveit.

Lauritz Eidesik sin eldste son, Simon - som no er øvste leiar for Eidesvik-reiarlaget – heldt minnetale og la ned krans. Også barneborna og broren Bernt Arne var framme ved båra.

Styreformann i Eidesvik AS, advokat Kolbein Rege sa fram helsing på vegner av selskapet, administrasjonssjef Nils Himle på vegner av dei tilsette.

(NTB)