Ho opplever i si romantiske verd å sjå ein paringsdans mellom KrF og Frp, og hevdar at « vi har sett heftige utspill fra begge parter, intensjonene dirrer i luften, være nær hverandre, samarbeide for en felles framtid» . Det kan virka som sommarvarmen har ført Torill Otterskred inn i ein romantisk transe der ho ser syner som vi i KrF ikkje ser. For ho sausar saman ein masse påstandar som vi i KrF ikkje kjenner oss igjen i, og som viser at ho har lite kunnskap om KrFs politikk. Det hjelper ikkje for oss om ho smeller på nokre kristne ord og vendingar som på ein måte skal «nagla» KrF til Frp. Det heile virkar noko krampeaktig og uforløyst.

Torill Otterskred seier at: «Kvinnen i hjemmets lune arne med småbarna rundt skjørtene, hvilken frigjøring »!

KrF trur at kjernefamilien er ei god ordning og ein ressurs for dei som er innlemma der, og for samfunnet. Derfor går vår familiepolitikk ut på å bygga oppunder familiestrukturane slik at barn og vaksne kan få trygge og stabile relasjonar rundt seg, og få tid nok til å vera i lag. Vi har tru på at stabilitet er godt for einskildmennesket i ei verd der det meste skiftar fort. Derfor har kontantstøtta vore eit fantastisk familiepolitisk gjennombråt for KrF. KrF diskriminerer ikkje folk som meiner noko anna eller som vel andre samlivsformer. Vi har respekt for dei val den einskilde tek. Kontantstøtta er vorten akseptert av dei unge. Svært mange, og fleire enn vi trudde, nyttar seg av ordninga med å få vera heime med ungane desse to ekstra åra. Nokre vel andre fleksible løysingar som er tilpassa familie, arbeid og barnepass. Enno surmular Ap og SV, men kontantstøtta er komen for å bli.

Med utsagnet «men KrFs fylkesvaraordførers brennende appell for «14 kvinner i asyl i Hordaland» framført på Torgallmenningen, klinger hult for meg i disse dager», vil eg sei:

Torill Otterskred skal vita at når eg held apellar, så meiner eg det eg seier. Etter å ha arbeidd saman med fattige kvinner i Latin-Amerika ei årrekkje, har eg eit stort engasjement på nestekjærleik, likeverd og rettferd. Det gjeld sjølvsagt både her heime og ute. Eg rekna med at det var derfor eg vart beden om å halda appell, og det er beklageleg viss «det klinger hult for Torill Otterskred i disse dager». Eg håpar vi kan sleppa å dra kvarandres motiv i tvil i ei slik viktig sak for desse kvinnene det gjeld. Her må vi stå saman alle!

Til Torill Otterskred har eg fylgjande råd: Gå til val på programmet til SV, og ver strålande nøgd med det! KrFs politikk kjenner du for lite til, så det kunne vore lurt å setja seg litt meir inn i programmet vårt, før du byr opp til dans med Frp. Då ville du sett at dansen ikkje vart så «heftig» som du ser den i varme sommarsyner. Elles så hender det at SV også samarbeider med Frp, det var tilfelle i tildømes barnehageforliket. Og i fylkesstinget hender det rett ofte at SV og Frp finn kvarandre både i populistiske og andre saker. Slik er demokratiet, nokre skylappar må leggjast bort for å finna gode løysingar. KrF er spesielt nøgd med at SV og KrF finn kvarandre når det gjeld bio-gen-spørsmål.

Torill Selsvold Nyborg, KrFs fylkesordførerkandidat