Han vil ikkje at Osterøy kommune skal bidra til å blokkera det planlagde nedsalet i BKK som fører til at Statkraft aukar sin eigardel til 49,9 prosent og gir milliardutbetaling til eigarkommunane.

Både Os, Fusa og Osterøy har gått inn for at kommunane sel seg heilt ut av BKK, og ifølgje vedtektene kan ein kommune setja ein stoppar for den skissa som fleirtalet nå har samla seg om.

Erling Raknes seier til Kystradioen at kommunestyret i Osterøy eigentleg ikkje har tatt prinsipielt standpunkt til sal av BKK-aksjar enno. Kommunestyret har kalkulert med inntekter frå sal av alle aksjane i BKK, men dette kan me endra på, seier Raknes.