Det skjer store ting på kollektivfronten, og det skjer fort. Etter 20 år med sveltefôring har politikarane – eller somme av dei – forstått at kollektivtrafikken må få eit løft. I Oslo heiter løftet «Oslo-pakke II», og er kostnadsrekna til 15,6 milliardar kroner over ein 10-årsperiode frå 2002. Det er mykje pengar. Men det hjelper når staten tek drygt 70 prosent av kostnaden. For dette får folket i og rundt Oslo ei kraftig oppgradering av jernbanen, som alt i dag tek 55 prosent av transportarbeidet i hovudstaden. 6,5 milliardar kroner skal gå til ny dobbeltspora jernbane mellom Asker og Skøyen, medan tre milliardar kroner blir til nytt dobbeltspor Ski-Kolbotn. Andre viktige prosjekt er opprusting av Kolsåsbanen, opprusting av jernbanestasjonar og tiltak som skal gjera det lettare for buss og bane og ta seg fram.

Dei reisande må også ta sin del. Kollektivtrafikantane betaler 75 øre ekstra pr. reise, til saman 1,3 milliardar. Bilistane får eit ekstra påslag i bomringen på to kroner, som gir 1,8 milliardar over ti år.

Vegval etter krigen

Det var i tida etter krigen at Oslo gjorde sitt viktige val: Dei ville satsa på T-banen som eit berande transportnett, og dei nye drabantbyane vart plasserte tett opp til T-banenettet. Dette har vore ein suksess, og ingen er i stand til å tenkja seg korleis Oslo skulle handtert transportbehovet utan T-banen. For bilvegane er fulle som det er. Oslo-pakke I var ei storsatsing på betre vegar og tunnelar, og var heilt nødvendig. Men like fullt er det bilkøar inn og ut av Oslo i rushtida, og utan T-banenettet i kombinasjon med trikk og buss ville byen vore ein kommunikasjonsmessig katastrofe.

Andre store byar

Vi unner naturlegvis Oslo all mogeleg hjelp og støtte i ei vanskeleg tid. Men det finst andre storbyar i landet som treng eit løft i kollektivsatsinga. Ein av dei er Bergen. Her er det snakk om å gå i gang med bybane Sentrum – Flesland om kort tid, og det er ei investering som nesten blir småpengar samanlikna med hovudstaden. Rundt to milliardar er investeringa i trasé, stasjonar og skinnegang. No var den avgåtte samferdsleminister Terje Moe Gustavsen raus i valkampen, og lova 85 prosent statlege kroner til bybanen i Bergen. Vi skreiv då at pengane tidt sit laust i valkampar.

Venstre dårlegare enn Ap?

No er det ein Venstre-statsråd som har teke over samferdsledepartementet. Torild Skogsholm har litt å leva opp til, for også Venstre — og særleg Odd Einar Dørum og May Britt Vihovde - slo stort på i september. Via eit 10-punktsprogram for kollektivsatsing lova dei byggestart på bybanen i Bergen før 2003, med stort statleg engasjement. I tillegg lova dei dobbeltspora jernbane gjennom Ulriken, med byggestart seinast i 2005. Det er vanskeleg å sjå føre seg at Venstre, saman med KrF, som også slo til lyd for eit kraftig kollektivløft, skal vera dårlegare enn Ap.

Så kan vi i nokre dagar - til Bondeviks statsbudsjett blir lagd fram 9. november - undra oss over kva rolle Høgre vil spela i denne saka. Vil dei vera bremsekloss og forfalla til Frp-standpunkt, eller vil partiet vera med på å ta det etterlengta løftet for betre kollektivtilbod i storbyane? Enn så lenge held vi oss til dei muntre tonane frå regjeringspartia Venstre og KrF, med gjenklang langt inn i Arbeidarpartiet. Difor må Bergen snarast tenkja større og få på plass konkrete planar om bybane, i ei eller anna form, også mot vest og nord. Der er trafikken så smått i ferd med å køa seg morgon og kveld, trass i fleire felt. No er det om å gjera å utnytta det momentum, og den velvilje for kollektivtrafikk, som tydelegvis finst i det politiske miljøet ved inngangen til eit nytt tusenår. Tek staten 85 prosent av grunnlagsinvesteringane er det mangt som kan gjennomførast.