Per-Kristian Foss, Svein Gjedrem og Carl I. Hagen må sjølvsagt vera bekymra når dei viser seg på skjermen, men berre litt. Det fører til omstillingar, men det går over, og gjev også fordeler.

Sett frå Oslo er det ikkje så farleg. Med ei sterk krone kan ein reisa på svenskehandel og handla billeg. Ein kan reparera bilen i Sverige. Hotell og restaurantar kan drivast med billeg arbeidskraft frå Søraust-Asia, og hushjelpene i Oslo vest kjem frå Europa aust. Di sterkare krona er, di rimelegare vert det, sett frå Oslo. Og omstillingar går bra når ein har eit stort og allsidig næringsliv, pluss eit enormt offentleg byråkrati som alltid får lønn.

Og pengar er det nok av. Ein stor del av oljepengane synest å koma til hovudstaden, til slutt — og dei tek ingen ende, nett som godvêret i sommar. Oslo er snart som Versailles i si tid var i Frankrike, under Solkongen. Og i år 2002 synest det som om solkongen har sumarresidens i Spania.

Ute i distrikta, her i vest, er det ikkje fullt så enkelt. Me kan ikkje kutta kostnader med å reisa på svenskehandel. Mange stader har eit så einsidig næringsliv at omstillingar, nedleggingar og avindustrialisering har store skadeverknader. Og det er ikkje berre industrien som slit. Bygdenæringar som jordbruk, hagebruk og skogbruk merkar minst like store skadeverknader av den sterke krona og lønsfesten. Det same gjeld turistnæringa. Mange hotell her i vest er så gamaldagse at dei framleis nyttar lokal arbeidskraft. For dei som kjenner dette på kroppen, er dette blodig alvor, ikkje overflatiske krusingar og «nødvendige omstillingar» i økonomien.

Tyngda av problema skuldast vår bruk av oljepengar. Både den sterke krona, den høge renta og lønsfesten. I spissen for stadig å tappa oljefondet synest Carl I. Hagens og hans folk å gå. Deira meir eller mindre populistiske utspel gjer det vanskeleg for andre parti å behalda fatninga. Eg meiner dette fører norsk politikk ut i eit uføre, og eg skjønar ikkje at så mange vestlendingar vil ha denne politikken.

Takk til styreformannen i Bergen Næringsråd, Olav Munch, for at han seier så klart ifrå.

TRYGVE REFSDAL,VOSS