— Det blir eit. lurveleven utan like, spår Kurt Rasmussen, ein «grøn» heradstyremedlem som bur i grenda. - Landskapet er forma slik at heile grenda blir liggande i eit slags amfi, forklarer han overfor Bergens Tidende.

Soldal-Porsmyr Grendalag, som også femner om grenda Skåre, protesterer kraftig mot framlegget om ny skytebane i Nedremarka, rett nedanfor Skårsvatnet – blant turistar betre kjent som Gullfiskvatnet.

Leiaren i grendalaget, Arne Isak Flatabø, hevdar overfor Bergens Tidende at bråket frå skytebanane vil verta øydeleggande for bumiljøet. Det er ikkje berre ein skytebane som skal byggast, men tre, presiserer han. Her skal både baneskyttarar, pistolskytt-arar og leirdueskyttarar utfalda seg.

I grenda har dei røynsle for korleis skota gjallar under hjortejakta, og dei har prøveskote i høve striden om skytebane.

Kurt Rasmussen ser på plasseringa av leirduebanen som mest uheldig. Men uansett våpen, må ein rekna med at skyttarane vil vera mest aktive om ettermiddagen og kvelden, og i helgene. Det er nettopp då folk i grenda vil ha ro og fred, og kanskje bada. På badeplassen i Skårsvatnet samlast folk heilt frå Fykse til Øystese på fine sommarsdagar.

Grendene ligg landleg og idyllisk til, trass i at avstanden til Øystese berre er fire kilometer. Barnefamiliar har slått seg ned her, og fleire har planar om å flytta til.

— Det er skuffande at formannskapet ikkje vil drøfta bustadmiljøet, berre det skytetekniske og sentral plassering, seier Rasmussen.

Han er redd det blir kroken på døra for grendene dersom Kvam heradstyre tysdag vedtek å plasser skytebanane i Nedremarka.

Formannskapet har lagt vekt på at området ligg ganske sentralt i kommunen, at terrenget høver fint til føremålet, og at alle kategoriar skyting kan samlast på ein plass. Dei har med åtte mot ei røyst gått inn for framlegget. Mindretalet ville plassera skytinga i Vangdalsåsen mellom Norheimsund og Tørvikbygd.