— Eg stortrivst med min 50 fots fiskebåt. Vi må sjå mulighetene og ikkje berre problema, utbasunerte Rita Naustvik West for landsmøtedelegatane i Norges Fiskarlag i Trondheim i går.

Midt oppi beinharde tautrekkingar om kvotefordeling var Finnmark.-fiskaren saman med kollega Nils Myklebust frå Måløy blant få talarar som påpeikte det positive ved å vera norsk fiskar i dag. Trass i at næringa på 20 år har gått frå 1,3 milliardar kroner til nesten null i subsidiar, og no står for landets største eksportinntekt etter olje og gass.

Som ung kvinne er Rita N. West ein sjeldan type i ein innbarka stand av vel 15.000 heilårsfiskarar. Det er kombinasjonen ungdom og fiskeri ho ønskjer meir av.

Frustrasjon

— Det er meir frustrasjonen enn sutringa i næringa eg er oppteken av. Vi gløymer å leggja vekt på mulighetene som finst langs kysten, seier Rita N. West til Bergens Tidende.

— Vi må seia til ungdommen at her er det sjansar for inntekter, at vi er stolte av yrket vårt. Eg føler meg privilegert som kan reisa på sjøen og fiska. Vi må passa oss for å framstå som ei sutrenæring, sa Nils Myklebust, formann i Sogn og Fjordane Fiskarlag i sitt landsmøteinnlegg.

— Fiskarlaget må ta ansvar for å sikra inntektsgrunnlaget i fiskeria. Kan vi ikkje garantera inntekta, mistar vi dei unge, sa line- og garnfiskar Myklebust.

Trivst med torsk, hyse og sei

— Unge vel yrke ut frå kva dei trivst med. Eg ser fiske som eit attraktivt yrke. Kan velja om eg vil stå til rors, sveisa, skru motor eller driva med rekneskap og data, seier Rita N. West, firebarnsmor frå Vega på Helgeland, i dag busett i Hammerfest. Ho har rodd fiske sidan ho var 15, har vore trålarmannskap og har investert i eigen sjark på jakt etter torsk, hyse og sei.

— Det betyr mykje for meg at vi kan bu så nær havet at vi kan vera ofte heime, seier 32-åringen, som på landsmøtet i Trondheim representerer Norges Råfisklag.

Ringnot på gli?

Kampen mellom hav- og kystflåten om neste års kvotefordeling pågjekk for fullt under landsmøtet i Trondheim også laurdag.

Den omstridde fordelinga av makrell- og sildekvotar blir avgjort først siste landsmøtedag i dag. I går gjekk det rykte om at ei mindre omfordeling frå ringnot til kyst av makrellressursen kan gje ei semje som hindrar full sprekk i Fiskarlaget.

Formannsvalet er også ein vanskeleg kabal som skal gå opp i skuggen av striden om kvotefordelinga. Oddmund Bye frå Nordland trekkjer seg for aldersgrensa. Formann i Finnmark Fiskarlag, Reidar Nilsen er rekna som favoritt.

OPTIMISME: Kystfiskarane Rita N. West fra Finnmark og Nils Myklebust fra Måløy åtvara på landsmøtet i Norges Fiskarlag mot eit svartsyn som skræmer bort unge frå ei næring som går så det susar.
Foto: Ove A. Olderkjær