Av Kjell Harald Lunde,Os

Eg tør vera så fri å lansera ei forklaring. Ein sannsynleg årsak er dreiinga i BT det siste tiåret mot meir negativ vinkling av stoffet. Negativ vinkling må ikkje forvekslast med kritisk journalistikk, som er ei viktig oppgåve for ei fri presse.

For ein tidlegare mangeårig journalist er det framleis meining skapt i det gamle idealet om at pressa skal spegla samtida. Journalistikken skal formidla og forklara hendingane – slik vi opplever dei i augneblinken. På godt og vondt! Det har vorte veldig mykje vondt og vrangt i BT. Det ser ut til at det alltid må leitast etter negative sider. For å få eit negativt oppslag, vert det gjerne fokusert på noko uvesentleg. Det positive vert utelate eller får feil proporsjon i forhold til det negative. Endå verre er det at ein stundom opplever tvilsam omgang med fakta – eller måten fakta vert brukt journalistisk. Det vil ikkje overraska om journalistar, vaktsjefar og redaktørar i BT får mange reaksjonar som går på akkurat dette.

Dette er ikkje eit åtak på kritisk journalistikk. Ei fri presse skal avdekka uheldige sider ved samfunnet. Pressa har eit særleg ansvar for å forsvara forbrukarane og mannen i gata og dama på fortauet. Journalistar skal avdekka maktmisbruk! Det som kjenneteiknar kritisk journalistikk er strenge krav til faktasjekk og kjeldekritikk. Og at det vert sett søkelys på det vesentlege i saka. Det som skil kritisk journalistikk frå negativ journalistikk er at negativ journalistikk er prega av vinkling på det uvesentleg, og ofte av selektiv og slumsete omgang med fakta. Vi kjenner oss ikkje igjen i oppslaget, er eit kjend omkvede.

Alle redaktørar får reaksjonar på artiklar som lesarar eller kjelder ikkje er tilfredse med. Men det er ein vesentleg skilnad om reaksjonane går på at fakta er rett, men ikkje burde ha vore prenta – eller om kritikken går på at oppslaget er ute av proporsjonar, lite dekkande eller omtrentleg framstilt.

Eg har lyst å peika på eit moment til som gjer at lesarar er skuffa over BT. Utgangspunktet for denne kritikken kan ideelt sett diskuterast, men like fullt er det ein mangel som mange synest heftar ved BT. Avisa vert ikkje (lenger) oppfatta som eit entusiastisk talerøyr for regionen. Avisa er ikkje veldig flink til å lyfta opp dei som lukkast lokalt. BT bør ikkje ha presseetiske kvalar med å stå for ei redaksjonell line som går på å vera ein medspelar for utvikling og framgang på Vestlandet. Det bør gjelda både kultur, politikk og næringsliv.

Einar Hålien seier han vil «finne ut» kvifor lesarane sviktar BT. Fører BT journal over alle reaksjonane dei får inn på oppslaga – og vert dette brukt i evalueringa av avisa? Utnyttar BT «kundemøte» med lesarar og kjelder om korleis dei oppfattar BT, på rett måte? Den største utfordringa som den seriøse delen av norsk presse har for å skapa tillit og kjøpelyst hos lesarane, er evna til å ta sjølvkritikk. Kanskje BT evnar å verta eit unnatak.