JOHN LINDEBOTTENjohn.lindebotten@bt.no

Etter alt styret omkring saka, var Knarvik Industrier, Aetat og Lindås kommune i går samde om å leggja oppseiingane på is, seier dagleg leiar ved bedrifta, Bjørn Kvalø, til Bergens Tidende.

Ikkje produktive nok Det var rett før pinsehelga det vart kjent at den verna bedrifta Knarvik Industrier hadde sendt oppseiingsvarsel til fire av dei tilsette. Dei fire er utviklingshemma, tilliks med 13-14 andre av dei som arbeider i bedrifta.

Grunngjevinga for å seia opp desse fire, var at dei ikkje lenger hadde produksjonsevne som oppfylte krava.

Arbeidsmarknadsetaten, Aetat, hadde oversyn over andre på attføring som kunne gjera arbeidet betre.

— Det som skjer no, er at Lindås kommune, som har ansvaret for dei på attføring, skal bruka tid på å finna ut kva som kan vera høveleg tilbod for dei fire. I mellomtida vert dei verande på arbeidsplassen sin her hjå oss, seier Bjørn Kvalø.

— Det var ei stor lette å få greie på dette. Om dei får eit anna tilbod, så vonar eg at dei i alle fall kan få vera i det same miljøet, seier Alfhild Nepstad, mor til ein av dei fire som var truga av oppseiing.

MÅ KANSKJE SLUTTA: Gunn Kari Konglevoll har arbeidd 17 år ved Knarvik Industrier. Snart må ho kanskje slutta, men det vert arbeidd for å finna andre tilbod til henne. FOTO: JAN M. LILLEBØ