Laurdag skal Lars Sponheim få så hatten passar. Då er det årsmøte i Hordaland Venstre, og der er det mykje oppmagasinert misnøye som skal ut. I så måte er Venstre eit noko annleis parti enn Arbeidarpartiet. Når nestleiar Aud Folkestad er misnøgd med leiaren sin, står ho fram i avisene og seier ifrå om det. Under fullt namn. Når framståande tillitsfolk i Hordaland Venstre vil tukta leiaren sin, så gjer dei det frå talarstolen — i ope lende. Det blir mindre lumre rykte av slikt. Men det er befriande når slike oppgjer skjer ansikt til ansikt.

Langvarig misnøye

No viser det seg at Aud Folkestads utspel ikkje sjokkerer alle like sterkt. I Venstre er det allment kjent at leiarskapet i partiet har fungert dårleg, og at forholdet mellom Lars Sponheim og Aud Folkestad har vore meir enn anstrengt. Det er mellom mykje anna to ulike kulturar som kolliderer. Aud Folkestad dreg stor omsut for partiet, og meiner partibygginga meir eller mindre har vore nedprioritert siste tida. Ho er også ein typisk representant for det sosialliberale Venstre, med særleg omtanke for dei svake, anten det gjeld menneske eller regionale utkantar.

Lars Sponheim er ein meir reindyrka liberalar. Det er ikkje mykje den karen set under ei skjeppe, men sitt sosiale sinnelag kan han koma til å plassera der, saman med sitt miljøengasjement. Han gjekk i regjering saman med Senterpartiet, og i siste valkamp skrytte han fælt av samarbeidet i Bondeviks første regjering. Han og Venstre gjekk dessmeir til val på at sentrumsregjeringa skulle halda fram. Kort tid etterpå avslørte han at dette var eit narrespel, då han i full offentlegheit priste seg lukkeleg over å ha sloppe ut av Senterpartiets tvangstrøye.

Sponheim var heller aldri i tvil om at Venstre burde søkja regjeringssamarbeid med Høgre. Han ser få eller ingen ideologiske stengsel for eit slikt samarbeid. Og når han har gjort det til sitt politiske credo å halda Arbeidarpartiet ute or regjeringskontora, så var vel svaret gitt.

Motstand på heimebane

Men det er fleire enn nestleiar Aud Folkestad og leiaren i Møre og Romsdal Venstre som har fått nok av høvdingen frå Ulvik. I Hordaland har han truleg mindre støtte enn elles i landet. Då Venstre gjorde ein slett figur under kommunevalet hausten 1999, la Lars Sponheim skulda på tillitsfolka i Hordaland. Det var ein kritikk som sveid, endå om han kjendest urettvis. Valkampen i fjor sommar vart ein real nedtur. Veljarane svikta Venstre, og partileiaren - som var partiets fremste aktivum og stemmesankar i 1993 og 1997 - hadde no motsett effekt. Veljarar som stakk innom Venstres valbuer på Torgallmenningen gav for ein del klår beskjed: Anten ville dei røysta Venstre trass i Lars Sponheim, eller så ville dei ikkje røysta Venstre, på grunn av Lars Sponheim.

Lojale støttespelarar

Men rundt i landet har Lars Sponheim også lojale støttespelarar som stiller seg uforståande til den harde kritikken frå Hordaland Venstre. Dei ser med rette på Sponheim som Venstres redningsmann, og dei ser stort på hans anlegg for pompøsitet. Dei er heller ikkje så kritisk til at Sponheim manøvrerte Venstre inn i regjeringa, for det er ingen gitt å svara på om Venstre hadde stått seg betre med to representantar i opposisjon. Det som irriterer ein del venstrefolk er at Sponheim let det vera opp til Bondevik - og ikkje landsstyret - å avgjera at Venstre skulle gå i regjering.

Ris og ros

Her i avisa har han fått både ros og ris. Men som landbruksminister har han ikkje vore så synleg, og det viser att i BTs spalter. Mest ros fekk han fordi han var modig nok til å seia at norsk mat ikkje er dyrare enn han bør vera. På den andre sida har vi etterlyst Venstres visjonar under Sponheims leiarskap. Kva vil Lars Sponheim med Venstre?

Med tanke på Lars Sponheims framtid som Venstre-leiar må ingen undervurdera hans mange støttepunkt rundt i fedrelandet. Lars Sponheim har fått og skal ha æra for å ha atterreist eit parti som låg nede for teljing. Det gjorde han først i Hordaland - seinare utvida han Venstre-landet til å omfatta Rogaland, Møre og Romsdal, Oslo og Akershus. Det er eit karsverk mange kjem til å minna om på landsmøtet i april.

Men det er eit stort problem for Lars Sponheim at Aud Folkestads protest sankar så stor støtte i hans eige heimfylke. Mangel på motkandidatar kan gje han to nye år som leiar. Men han er nok inne i sin siste stortingsperiode.

OMSTRIDD LEIAR. Lars Sponheim møter motbør, og mest i heimfylket Hordaland.
Foto: Vegar Valde