debattAv Bjarne Dåe

Han tek utgangspunkt i ei melding i avisa Firda om at "opprøret er i gang" i Sogn og Fjordane, nemner så litt om opprøret i nord og stiller spørsmål om ikkje det heile berre er frustrasjon som vert utlufta. Dette svarar han på sjølv: Eit verkeleg opprør krev både alliansar og konkrete handlingar. Og dei som skal lyfte opprørsfana må vere audmjuka av den undertrykkjande makta, seier han og viser til den franske revolusjon. Ingen i Noreg er audmjuka nok til å gjere eit "verkeleg" opprør, for dei fleste av oss har det så godt, så godt. Etter å ha nemnt nokre symptom på og utslag av vår tids samfunns-sjukdom, stiller han så spørsmålet om opprøret no fører til handlingar, eller om det berre er eit opprør i hovudet. Det siste let tydeleg hædande, og eg fekk ei kjensle av harselas omkring opprørstanken. Røtene til den skeive utviklinga vert ikkje nemnt, berre dei symptom og utslag som kan tene til å splitte eit opprør.Såleis synest journalisten å stille seg på makthavarane si side, bagatellisere og minske desse som har slege til lyd for eit opprør.Det er lenge sidan eg i avisinnlegg (også i BT) oppfordra til opprør. Det vart den gongen tagde i hel, som så mangt anna som vanlege menneske freistar ta opp. No har så mange hundar gøydd, at avisene ikkje lenger kan teie det i hel. Firda og Ytre Sogn har teke inn stoff og sistnemnde hadde ein positiv leiar, og BT har i alle fall funne det turvande å ta opp hansken på sin måte. Og då er no eitt steg vunne. Kirkeeide gjer rett nok eit lite nummer av det som er sagt i oppropet i Sogn og Fjordane om valåret. Men om han ikkje ser at dette året berre er starten på ein lang og truleg seig kamp, så er det ille. Det er få av dei som startar opprør, som reknar med at det skal vere over etter eit møte med ein eller annan minister eller ved eitt stortingsval. Dertil er det viktig for dei aller fleste, same kva kant dei kjempar på — mot uretten: Maktstrukturar og fordeling må kunne endrast og eit samfunn utviklast til å yte større rettferd utan at audmjukinga må verte så stor at det krevst våpen. Det må late seg gjere å få folket, og folket sine representantar, til å sjå og skjøne og handle ut frå argumentasjon og tankebyte frå hovud til hovud. Om Kirkeeide tenkte i den lei, ville overskrifta hans vere positiv. Men avisene har sjansen til å vere med på å "rette det som rangt er", i det minste ved å vende bogen og pilene ein annan veg, som det vart sagt for tusen år sidan.