Dette er den modellen som er best for dei fleste av kommunane i Sogn og Fjordane.

Arbeidarpartiet foreslår at kommunane skal dekke opp til kr 700.000 pr. brukar, og at staten deretter dekker 80 prosent av utgiftene utover dette. Dette kan synest enkelt og greitt, men er ei dårlegare ordning for små kommunar med forholdsvis mange brukarar i høve til folketalet.

SV og Sp har som vanleg litt meir pengar, og har difor lagt opp til ei meir gunstig ordning. Men når deira forslag fell, stør dei Ap fordi den modellen er enklast.

Men er det ein rettferdig modell? Det er interessant at regjeringa som får mykje kjeft for å ville småkommunar og utkantar til livs, er den som held fast på ei ordning som er best for nettopp denne typen kommunar. Den typen kommunar som vi har i Sogn og Fjordane ...

TRUDE BROSVIK,

ORDFØRAR I GULEN