I dei to første avsnitta i leiarartikkelen vert det hevda at dette er driftsmidlar som Statens vegvesen vil bruke til investeringar.

Dette er å setje saka på hovudet. I eit brev frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet (datert 2. desember 2002) står følgjande: « Midlene til kollektivtransport på riksvegbudsjettet skal brukes til investeringstiltak i tråd med føringane som er lagt i budsjettproposisjonen. Det vil likevel bli gjort ett midlertidig unntak for Hordaland, der det som kjent pågår anlegg av kollektivfelt på strekninga Kokstad — Sandsli. Her er det behov for å se utbygging og midlertidige driftstiltak som en pakkeløsning. En mindre del av fylkesfordelt ramme til Hordaland kan derfor gå til å drifte kollektivtransporten på denne strekninga så lenge anlegget pågår. Departementet understreker at dette er en spesialordning for denne strekninga som kun vil gjelde i 2003. Statens vegvesen gis fullmakt til å gjøre nærmere avtale med fylkeskommunen.» Dette er dei føringane Statens vegvesen har fått for fordelinga av midlane. Fylkeskommunen har meldt inn eit behov for 6,75 mill. kroner til drift av bussrutene i Kokstad/Sandsli-området. Dette er innarbeidd i forslaget til fordeling av løyvinga på 15 mill. kroner. Resten av midlane er foreslått løyvd til tiltak på rv. 555 (Bildøykrysset og Fjell sentrum) og til ein ny terminal på Frekhaug. Terminalen er planlagt i samarbeid med Meland kommune og planarbeidet er kome så langt at prosjektet kan realiserast i 2003. Vi legg stor vekt på å få brukt midlane det året dei er løyvd og det er ikkje alltid like lett når det kjem midlar som ikkje var innarbeidd i budsjettforslaget.

Terminalen er eit spleiselag mellom Meland kommune og Statens vegvesen. Hordaland fylkeskommune skal uttale seg om ein eventuell bruk av statlege midlar til prosjektet.

Det blir både i artikkelen og i leiaren gjort eit nummer av at terminalprosjektet skal vere ukjent for dei som driv med samferdselspolitikk i fylket. Dette verkar rart sidan komiteen for miljø og samferdsel var på synfaring i Meland kommune den 18. september 2001 og der fekk komiteen ei orientering av ordføraren i Meland om dette terminalprosjektet.

Til slutt ei lita tilleggsopplysning: - Hordaland vegkontor eksisterer ikkje etter 31. desember 2002. I dag er det Statens vegvesen Region vest med hovudkontor i Leikanger som har det ansvaret Hordaland vegkontor hadde før.

Av Per Steffen Myhren, Statens vegvesen Region vest