Søviknes si oppfinning gjer det mykje enklare å justera døra i ein karm. Det avanserte hengselet har eit eksentrisk lager som gjer det mogleg å justera dørbladet både sidevegs og i høgda i høve til karmen. Lageret i hengselet er laga i eit materiale som lengjer levetida til hengselet samstundes som det er smørjefritt. Hengselet er testa ved Nordic dørfabrikk og SINTEF i Trondheim, med særs godt resultat. Hengeselet kan brukast til alle typar gatedører, lydisolerande dører og branndører, til hotell, skular og i offentlege bygg.

Søviknes har teke nasjonale og internasjonale patent på hengselet. Det er sett i gang prøveproduksjon med tanke på pilotprosjekt ved Nordic dørfabrikk A/S, Lyngdal, og Swedoor i Sverige.

I omtalen frå juryen for oppfinnarprisen heiter det at Søviknes si oppfinning tilfredsstiller alle krava til å få denne utmerkinga. Juryen reknar med at der ligg eit stort forretningspotensial både på den nasjonale og den internasjonale marknaden.

Heiderleg omtale vart tildelt Leon Pedersen frå Erdal for ein ny og spesiell type maritimt reinseapparat. Juryen understrekar at om oppfinninga får kommersiell suksess, vil ho bety auka effektivitet og reduserte kostnader for ei viktig næring her i fylket.

Ingmar Høgøy frå Storebø fekk og heiderleg omtale for å ha utvikla små mikrokapsulerte partiklar som erstattar bruk av levande fôr til fiskeyngel i akvakultur. Det nye produktet reduserer Marknaden for dette produktet er global.

Juryen for oppfinnarprisen var samansett av

Kåre Thoresen Spissøy, Statens Veiledningskontor for Oppfinnere/SND-Hordaland, Jan Olav Ormberg, Bergen Patentkontor, Atle Våge, Høgskolen i Bergen, Anne Øvrebø, SND-Hordaland og Hans Otto Robberstad, Hordaland fylkeskommune.

Oppfinnarprisen vart utdelt av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg på fylkestinget i Bergen 9. desember.

OPPFINNSAME: Ole Gunnar Søviknes har fått Hordaland fylkes oppfinnarpris for 2003. T.h. Ingmar Høgøy frå Storebø som fekk heiderleg omtale for si oppfinning.<p/> FOTO: ØRJAN DEISZ