RAGNHILD HOVKnarvikKommunen vil leiga lokaler til skuledrifta. Det var Arbeidarpartiet og Høgre som fann kvarandre og la grunnlaget for dette kontroversielle vedtaket. Men framlegget fekk også støtte frå Framstegspartiet og fleire av Kristeleg Folkepartis representantar. 28 mot 13 Det endeleg vedtaket vart gjort med 28 mot 13 stemmer. Det er bestemt at skulen skal byggjast i eitt byggjetrinn.Mindretalet ønskte at ny skule på Ostereidet delvis skulle byggjast med lån, og delvis med midlar frå fondet Lindås kommune har til rådvelde etter salet av Nordhordland kraftlag. Mindretalet sa klart frå om at skulen ikkje måtte byggjast som seksjonsbygg.Møtet var så viktig at ingen av dei sju Høgrerepresentantane fekk be seg fri til å møta partileiar Jan Petersen som hadde torgmøte på Knarvik Senter under skuledebatten i kommunestyret. Mange tilhøyrarar Over 60 tilhøyrarar var møtt fram til det som på folkemunne vert kalla årets kommunestyremøte i Lindås. Dei fleste var komne for å høyra på utfallet av skuleutbyggjinga på Ostereidet. Tilhøyrarane satt med merkelappar på bringa med påskrifta "frustrerte" og "oppgitte". — Vi er litt usikre, seier Gerd Holsen. Etter møtet. Ho er lærar på Ostereidet skule.- Vi er glad for at det endeleg vart vedteke å byggja i eitt byggjetrinn. Men vi ville gjerne det skulle vore presisert at skulen ikkje skulle byggjast i seksjonar. Gode røynsler frå Bergen Det var Høgre som reiste forslaget om at skule kunne byggjast av private. Høgrerepresentantane hadde forhørt seg om røynslene frå Breimyra Ungdomskule i BergenDen private eigaren der fekk gode skussmål. Ordføraren understrekar overfor Bergens Tidende at Arbeidarpartiet ikkje ser noko gale i at private kan eiga skulebygg. - Det viktigaste no er at vi får ein skule med gode arbeidstilhøve både for lærarar og elevar.I debatten vart det også understreka at kommunen vil få større handlingsrom til å investera i skulebygg i dei andre krinsane i kommunen om private vert eigarar av den nye skulen på Ostereidet. Skeptiske Men mindretalet var skeptiske. - Eg tviler på at fylkesmannen vil godta ei slik løysning, sa Anders Gjerstad (Sp) som også er leiar i oppvekstkomiteen. Gjerstad og meiningsfellene hans meiner at den private løysninga vil føre til høgare driftsutgifter på skulen.Ostereidet skule er kostnadsberekna til mellom 25 og 35 millionar kroner - alt etter om skulen vert i seksjonar eller frittståande bygg.