Stord

Med investeringa har Fylkessjukehuset på Stord fått ei ny fødestove, fire operasjonssalar, ny poliklinikk og ny resepsjon. I alt 3450 rutemeter nytt areale som er vakkert utsmykka med kunst av blant andre Åse Ljones og Magne Kjellesvik.

Fylkesordførar Gisle Handeland kom i brodden for ein stor fylkesdelegasjon for offisielt å opna nybygget som, saman med resten av Stord-sjukehuset og sjukehusa i Haugesund og Odda, tilhøyrer det statlege helseføretaket Fonna under Helse Vest frå 1. januar.

Nybygget på Furuly har kosta 112 millionar kroner, i tillegg er det investert for 12 millionar i topp moderne medisinsk utstyr. Fødestova med gynekologisk avdeling er teken i bruk, dei første pasientane blir rulla inn på dei nye operasjonssalane i neste veke.

OPERATIV: Overlege Pradip Sankholkar på anestesiavdelinga til Fylkessjukehuset på Stord er klar til å ta imot pasientar på nye operasjonssalar utstyrte med det siste innan medisinsk teknologi.
OVE A. OLDERKJÆR