Enklare er det å ta inn den evige avispolemikken i BT om organisering av eit regionalt operaføretak. Men eg har gitt opp å forstå kva som blokkerer for ei løysing. Er det politiske spelet meir interessant enn konstruktive resultat?

— Kan hende er tida moden for å skape musikkdrama på denne endelause prestisjekampen? Om resultatet blir tragisk opera eller ellevill farse er eg meir usikker på. I mellomtida – kunne det ikkje gå an å satse sterkare på opera i mindre format? Kanskje ligg denne vegen open for andre aktørar enn dei stridsglade partane? Medan ein ventar på den ideelle løysinga og masse statlege kulturkroner, kva med opera i kammerformat? Dette synest å vere ein framand tanke i Bergen. Og når blir Bergen moden for eigenproduksjon av Mozart?

For å illustrere potensialet vil eg trekke fram ein annan «neststørste by»: Århus. Ta for eksempel Århus Sommeropera sesongen 1990. I ein månadlang festival sto både Cosi fan tutte og Don Juan på speleplanen. Fullverdig oppsetjing i miniformat. Scene: Det historiske Helsingør Teater, gjenreist på museumsanlegget Den Gamle By. Musikk for Cosi Fan Tutte: blåsekvintett pluss kontrabass og klaver/direksjon. Og Don Juan: kammerorkester av 10 strykarar pluss blåsekvintett (Randers Byorkester).

Fullverdig og framifrå musikkdrama, 20 framsyningar. Slike eksempel frå Århus og andre stader burde inspirere til alternativ tenking. Bergen har under-utnytta instrumentale krefter, ikkje minst Divisjonsmusikken. Ja, kvifor ikkje? Ein blåsekvintett derifrå pluss ei handfull strykarar frå BFO (eller Romania?) ville vere nok til å kopiere Århus med både Cosi Fan Tutte og Don Juan.

Våre unge songtalent har magre beitemarker her heime. Dei færraste slepp til på Den Norske Opera, før dei har utvikla seg til fullverdige solistar på tyske operascener. Då har mange gitt opp tanken på operaframtid her på berget.

Og medan musikkdramatisk våpengny gjallar frå bergensmiljøet, skjer det spennande ting andre stader, der all energi blir kanalisert inn i konstruktive prosessar. Opera Nordfjord har sin sesong 2001 i oktober.

Donizettis Elskovsdrikken er på plakaten heile åtte gonger. Operahungrige bergensarar er velkomne, om det framleis finst billettar å oppdrive. Pass opp, Bergen – snart har bygda Nordfjordeid meir opera å by på i ein månad enn kulturbyen Bergen gjennom eit heilt år! Inklusive Festspillene, som har gitt opp slik satsing også.

Av Anders Anderssen, Leikanger