RAGNAR HOVLAND

Då det etter mykje om og endå meir men endeleg blei vedteke at ein skulle byggje ein opera, og arkitektteikningane låg føre, pusta ein ut og håpte at no måtte det då vere på plass. Takk, Lahnstein, tenkte ein. No er det gjort. No kan vi kanskje kome oss vidare.

Og så var det altså likevel ikkje slik.

UTBYGGINGA AV BJØRVIKA, sjølve operaområdet, blir ganske mykje dyrare enn prosjektert. Og ikkje før er desse opplysningane ute før den gamle gjengen står der på ny. Dei som ikkje liker opera, men som kan like annan musikk; dei som ikkje liker noka form for kultur i det heile; dei som er for distrikt og mot sentrale strøk; dei som er imot «finkultur»; dei som er imot alt som er «fisefint»; dei som er imot Oslo. Kanskje særleg dei siste.

For å tone flagg, så har eg kanskje vore i opera ti gonger i mitt liv. Og då tar eg ganske hardt i. Det var vakker musikk og song, men eg blei kanskje litt søvnig. Og alt i alt har eg nok hatt større operaopplevingar på plate enn på scenen. Og skulle eg då følgje resonnementet til mange av operamotstandarane, burde eg meine at opera blir ein søvnig av, og dei som endeleg vil høyre slikt, får kjøpe seg nokre cd-ar.

Aldri blir vegutbygging, gamle og sjuke viktigare enn når samtalen kjem inn på kultur. Folk som aldri tidlegare har tenkt verken på vegutbygging eller gamle og sjuke, får plutseleg svært travelt med å tenkje på dei og bli deira varmaste talsmenn dersom kulturen kostar, og særleg når det er snakk om opera. Det er på eit vis definert ein gong for alle at i operaen, der går berre kultursnobben i Oslo, dei som går med pels og perlekjede, dei som er fisefine og har pengar og elles er opptatte av å vise seg fram.

OG I SLIKE TILFELLE nyttar det lite å vise til andre meiningslause ting som det også blir løyvt pengar til i dette landet. For same kva du nemner, så er opera verre.

Tenk på alle dei vestlandsvegane dei kunne byggje for desse pengane. Tenk på alle bruene i Nord-Norge, og på dei gamle og sjuke overalt, dei som berre blir eldre og sjukare for kvar dag som går.

Sjølv merkar eg at eg berre blir meir og meir fornøgd, jo meir operaen og utbygginga rundt den vil koste. Ikkje berre fordi det irriterer såpass mange, men sjølvsagt også derfor.

Det burde, i eit normalt land, vere sjølvsagt at kultur skal koste. Slik er det andre stader. Det kostar. Kultur skal eit land ha, det er ikkje eingong oppe til diskusjon, utan kultur er det ingenting att, og det er normalt at det skal koste.

FOR UNDERTEIKNA, som på mange måtar er distriktas mann, som vitterleg har vakse opp i dei norske distrikt og kjenner seg heime der, er det ofte til å kulse av korleis distriktas sjølvoppnemnde talsmenn (for det er utan tvil oftast menn) ter seg, anten det no er snakk om ordførarar eller kulturarbeidarar.

For det er ikkje alle av dei som er imot opera i seg sjølv, og ikkje eingong nødvendigvis det den fører med seg. Det kan vere greitt med eit operahus, berre det er billig og lite prangande og dersom det i tillegg t.d. kan brukast til folkelege revyar. Det kan også vere greitt med eit operahus dersom det ikkje ligg i Oslo, men t.d. i Stokmarknes. Slik er refrenget og slik er underteksten.

Då nyttar det ikkje å peike på at i Italia er opera ei folkeleg kulturform, for der er folk vande med å gå i operaen. I Norge er det ikkje noka folkeleg kulturform, for her er vi ikkje vande med å gå i operaen. Og dermed er operaen ein stad der folk hyler og skrik og publikum er finkulturelle og fisefine og går for å vise seg fram.

MENS PÅ BYGDENE går folk på folkelege revyar og konsertar, er jordnære og anti-fisefine og går av autentisk, jordnær kulturinteresse.

Slik får vi ein evigvarande «kulturdebatt» basert på evigvarande, nedarva fordommar, på begge sider. Og at dette i det heile blir diskutert, er meir enn deprimerande.

No kjenner eg folk i distrikta som gjerne vil ha ein skikkeleg opera, og det i Oslo, og som til og med gjerne vil ta seg ein tur dit når dei er på Oslo-besøk. Men desse er ikkje interessante for dei som uttaler seg med tyngde på distriktas vegner. Her skal det haldast på dei motsetningar som finst og ikkje minst på dei som kan skapast.

Eg har tidlegare meir enn antyda at dette delvis har noko med Oslo å gjere. Meir enn motsetnaden by og land har det å gjere med resten av landet mot Oslo.

ETTER Å HA BUDD i nesten 40 år i «Distrikts-Norge» har eg dei siste elleve åra halde hus i Oslo. Det har ikkje gjort meg til eit anna menneske, men eg bur her av fri vilje, og har ikkje lidd særleg under det. Eg har også innsett, om eg ikkje gjorde det før, at eit land skal ha ein hovudstad, og at ein hovudstad skal ha ting som ingen andre har, kor misunnelege dei andre enn måtte bli. Det skal finnast praktbygg av ymse slag, og ikkje minst ein staseleg opera. Slik er det berre, og det skal ikkje eingong diskuterast.

Då hjelper det berre med ein sterk kulturminister som kan seie at no må det bli slutt på tullet.

VISST HAR OSLO-FOLK noko skuld i at det er blitt slik, men det skal då ikkje hindre intelligente menneske å vere imot hovudstaden eller vere misunneleg på at det der finst ting som dei sjølve ikkje har. Så oppstår ryktet om at Oslo er ein stygg by, og at her går det ikkje an å leve om ein skal behalde si sjel.

Men Oslo er ein ganske fin by, og særleg no når det stundar mot vår og sola til og med skin, kan den nesten måle seg med Bergen. Og eg kan love dykk: med ein opera (og la den no bli svindyr, om ein skal ta pengar frå aldri så mange gamle og sjuke for å få det til), så blir byen endå finare, og ein hovudstad til å vere stolt av.