DEBATT

Av Gjermund Hagesæter

stortingsrepresentant Frp

medlem Finanskomiteen

Sanninga er nok ei anna. Frp fekk på sitt siste forhandlingsmøte med regjeringspartia tilbod om å forhandle om omprioriteringar innanfor ei ramme på 1 mrd. kroner. Ap oppnådde totalt omprioriteringar for 5 mrd. Riktig nok gav regjeringspartia uttrykk for at kunne vere «noko meir å gå på» i forhold til tilbodet på 1 mrd. På bakgrunn av desse signala, og på bakgrunn av erfaringar frå tidlegare forhandlingar med regjeringspartia, konkluderte Frp med at det maksimale beløpet som regjeringspartia kunne strekkje seg til ville ende på 1,5 til 2 mrd. kroner. Det blei også protokollført at Frp sin forhandlingsleiar, Siv Jensen, viste til eit slik beløp som den maksimale ramme, utan at nokon frå regjeringspartia motsa ho på dette. Frp innsåg raskt at innanfor ei slik ramme ville det vere umuleg å komme fram til ein tenleg budsjettavtale, og at det derfor ikkje hadde noko hensikt å forhandle vidare.

Dei påfølgjande budsjettforhandlingane viste derimot at regjeringspartia var villig til å strekkje seg vesentleg lenger med Ap, enn overfor Frp. Dette viser at dominerande krefter innan regjeringspartia hadde eit sterkare ønskje om å få eit budsjettforlik med Ap, enn å få til eit forlik med Frp.

Det er sjølvsagt fritt opp til regjeringspartia å bestemme kven dei inngår avtalar med, men det er lite konstruktivt i ettertid å «springe rundt» og skape inntrykk av at ein budsjettavtale like gjerne kunne blitt inngått med Frp.