Dette gjeld også kunnskap om tilstandar ein ikkje kan gjera noko med. Eg vil tru at for foreldre flest gjeld dette også for ufødde born. Difor takkar også dei fleste som skal bli foreldre ja til ultralydundersøking av sitt ufødde barn. Det er omsorgskjensle som er drivkrafta.

Når styresmaktene no vil ta ultralydtilbodet frå foreldra, utfordrar dei også omsorgskjensla til mange foreldre. Det er rimeleg at helsepersonell i svangerskapsomsorga protesterer mot forslaget, for dei står i direkte kontakt med foreldra, og ser foreldra sin behov for å yta omsorg til sine born. Styresmaktene bør lytta til jordmødrer og legar som protesterer, og trekkja forslaget om kutt i ultralydtilbodet.

TOR G. TURØY, TURØY