VIDAR YSTAD vidar.ystad@bergens-tidende.noOsloDette har Kongen i Statsråd avgjort etter oppmoding frå sivilombodsmannen. Det er likevel berre sivilombodsmann Arne Fliflet personleg som får tilgang til dokumenta. Ingen andre ved ombodsmannskontoret får innsyn, framgår det av den kongelege resolusjonen. Treg saksbehandling i UD Utanriksdepartementet brukte eit halvt år på å saksbehandle innsynskravet frå ombodsmannen. Undervegs har UD i fleire omgangar rådførd seg med Lovavdelinga i Justisdepartementet før avgjerda omsider vart fatta. Ombodsmannen har fleire gongar måtta purre UD både munnleg og skriftleg. Historisk eineståande Sivilombodsmann Arne Fliflet opplyser til Bergens Tidende at saka er historisk eineståande.Det har aldri tidlegare hendt at ombodsmannen har måtta be om at eit innsynskrav frå hans side måtte opp for Kongen i statsråd for å gje han innsyn. Saka har bakgrunn i ein klage som Bergens Tidende fremja til ombodsmannen mot Utanriksdepartementet i februar.Bakgrunnen for klagen var at Utanriksdepartementet nekta avisa innsyn i ei rad dokument som galdt den nye radaren som var under bygging i Vardø. Nekta ombodsmannen innsyn Ombodsmannen tok klagen under behandling. Etter ei tid gav UD ombodsmannen tilgang til nokre av dokumenta i saka. Andre vart ombodsmannen nekta tilgang til.Etter nøye vurdering kom ombodsmannen i juni til at han måtte ha tilgang til også dei dokumenta han var nekta tilgang til, for å kunne behandle klagen frå BT. Han ba så om å få tilgang til 16 dokument som ikkje berre var unnteke frå offentleg innsyn, dei var hemmelegstempla. Misvisande frå UD I slutten av juli opplyste UD til ombodsmannen at spørsmålet om innsyn for ombodsmannen ville ta litt lengre tid å få avklara. Det vart vist til at saka måtte opp i statsråd og at det på grunn av ferietida var færre statsråd om sommaren.Det UD ikkje opplyste om, var at UD like før hadde sendt saka over til Lovavdelinga i Justisdepartementet der ein søkte råd for om korleis ein skulle handtere innsynskravet frå ombodsmannen. Ny innsynsnekting i UD Dette forholdet vart avdekka av Bergens Tidende og resulterte i ein ny klage til ombodsmannen. Også den klagen tok ombodsmannen under behandling.Også her har UD i samråd med Justisdepartementet nekta ombodsmannen innsyn. Dokumenta her er ikkje hemmelegstempla, men berre unnteke frå innsyn som "interne". Klagen er framleis under behandling. Så seint som torsdag 28. desember sendte ombodsmannen eit nytt kritisk brev til UD i den saka. Her påpeikar han mellom anna at han etter ombodsmannslova har rett til å krevje dei opplysningane han treng for å utføre vervet sitt.Han påpeikar at UD ikkje har drøfta dei rettane han har etter ombodsmannslova når dei har nekta han innsyn.Ombodsmannen bed nå om ei rask tilbakemelding frå UD.