Poenget er nemleg at det i dag er ein betydeleg arbeidsløyse blant anleggsarbeidarar, og at det ikkje skaper press i økonomien dersom personar som er ledige vert overført til produktivt arbeid. I tillegg vil betre veiar redusere transportkostnadene for næringslivet. I fjor haust berekna ECON at dei ledige ressursane i anleggssektoren gjorde at det var mulig å auke løyvingane til veg med mellom 2 og 3 mrd. utan at dette skapte press i norsk økonomi.

Underteikna står derfor fast på at det er fullt mulig å auke vegbygginga med 1 mrd. uten at dette skaper press i norsk økonomi, dette trass i at «ekspertpanelet» til BT meiner noko anna.

Av Gjermund Hagesæter, stortingsrepresentant Frp