debatt Av Gjermund Hagesæter, 2. stortingskandidat Hordaland Frp

Ågot Valle hevda her at Frp si sjukelønsordning ville gje store negative konsekvensar for langtidssjukemelde. Dette er ikkje riktig! Frp går nemleg inn for ei ordning à la Sandman-utvalet si innstilling, der det blir trekt 20 prosent eigendel i arbeidsgjevarperioden (16 dagar), for deretter å få full sjukeløn.

Samtidig vert trygdeavgifta redusert, slik at ingen skal tape nemneverdig i forhold til dagens ordning. Langtidssjukemelde og kronikarar vert skjerma, ved at dei får behalde full sjukeløn. Dette er ein modell som er tilsvarande den som Arbeidarparti-regjeringa, ifølgje Dagens Næringsliv den 24.08.01, prøvde å få med seg arbeidstakarorganisasjonane på.

Frp si sjukelønsordning kan derfor ikkje på nokon måte samanliknast med f.eks. Høgre si sjukelønsordning. Ein arbeidstakar som tener kr 190.000 og som har eit fråvær på 11,5 dagar får eit tap på ca. kr 250 med Frp sin modell mens det gir eit tap på ca. kr 2400 med Høgre sin modell. Med Frp sin skattemodell vil ein arbeidstakar som tener kr. 190.000 få ca. 4.000 i skattelette, pluss betydelege avgiftslettelsar som f.eks. bensin ca. kr 2,50 pr. liter og elavgift 6 øre pr. kWh.

Det er derfor heilt klart at spesielt dei med lavere og midlere inntekter vil tene stort på at Frp får gjennomslag for sin politikk. At SV sin 1. kandidat prøver å innbille lesarane noko anna, er ein simpel form for valkamp.

Om dette skuldast at ho ikkje har sett seg inn i programmet til Frp, eller om dette skuldast at SV bevisst prøver å «føre veljarane bak lyset», får den enkelte lesar gjere seg opp si eiga meining om.