Om dei hadde valt annleis, kunne dei truleg gjort det stort i delar av næringslivet, t.d. i Enron. Ved å leike litt med tal argumenterer dei for at det medisinske fakultetet ved Universitetet i Bergen faktisk burde reknast som ein av tungvektarane i norsk næringsliv, på linje med (om ikkje framfor) Norske Skog og Kværner. Reknestykket er kort fortalt basert på at fakultetet produserer 150 legar i året, og kvar av desse er verd 30 mill. kroner(!).

Viss ein ser bort frå kostnadene(!) gjev dette eit overskot på 4,5 milliardar kroner. Eit imponerande tal.

Det er litt slemt å ta til motmæle overfor mine kollegaer ved Universitetet. På den andre sida ville dei neppe ha freda meg om eg like bramfritt hadde gjeve meg ut på medisinsk djupt vatn. Dessutan tyder innlegget deira på at dei ikkje ser på medisinsk fakultet som ein del av Universitetet, men som ei eiga bedrift for seg, så kollegiale omsyn strekkjer seg kanskje ikkje lengre enn til fakultetsgrensa. Eg let det stå til.

Innlegget til Svendsen og Mæhle er tankevekkjande, på mange måtar. Ein ting er at innlegget avslører dårleg innsikt i sin eigen betydning i forhold til andre samfunnssektorar. (Dette styrkjer for så vidt mine fordommar mot legar på dette punktet.) Reknestykket er basert på at heile produksjonen av ferdige legar skjer ved medisinsk fakultet. Svendsen og Mæhle ser heilt bort frå at det dreier seg om å gjere legar ut av «kremen» av norsk ungdom: «råvarene» er talentfulle menneske som allereie har 12 års skulegang bak seg før dei kjem til medisinsk fakultet. Det store fleirtalet av desse hadde blitt svært verdifulle for samfunnet enten dei hadde blitt legar eller noko anna. Å verdsette «råvarene» til null på denne måten er litt av ei nedvurdering av dei utdanningsinstitusjonane som har stått for dei første 12 åra av utdanninga, og av ungdommane sjølv! Tala i rekneeksempelet er i seg sjølv nokså fjerne, men det får eg la liggje her og heller vise til at vi ved Institutt for økonomi, Universitetet i Bergen, har tilbod om etterutdanning i samfunnsøkonomi spesielt retta mot legar og andre i helsevesenet. Etterutdanninga dekkjer mellom anna grunnleggjande prinsipp for verdsetjing, ein lærer skilnaden mellom overskot og omsetning, skilnader mellom samfunnsøkonomisk og bedriftsøkonomisk overskot, og andre ting som er nyttige om ein vil engasjere seg i økonomiske diskusjonar om helse. Ting kan tyde på at det er skrikande mangel på slik kompetanse.

Eg lurer litt på kva Svendsen og Mæhle vil. Det dreier seg om intelligente menneske, så det er neppe i fullt alvor eit forslag til ny bokføring. Eg kan nesten heller ikkje tru at dei i fullt alvor meiner at produksjonsarbeidarar i bedrifter som Norske Skog og Kværner har for høg status i forhold til produksjonsarbeidarane på medisinsk fakultet, dvs. professorar og førsteamanuensar i medisin (men her er eg litt i tvil, jf. diskusjonen av sjølvinnsikt ovanfor). Viss det dei meiner er at dei tener for dårleg i forhold til samanliknbare yrkesgrupper i næringslivet (i deira tilfelle praktiserande legar) skal dei få meir sympati frå meg, men då burde dei bruke ordet lønn i staden for status. Her er Svendsen, Mæhle og eg i same bås: nyutdanna kandidatar med hovudfag i samfunnsøkonomi frå UiB får oftast begynnarløner som ligg over det eg har som førsteamanuensis når dei tek seg jobb i næringslivet. Slik er det etter kvart blitt for dei fleste med høg utdanning som jobbar i offentleg sektor. Derimot er det ikkje først og fremst nye, kreative bokføringsmetodar som trengst for å få fram verdien av vår produksjon, men større merksemd om velkjende verdsetjingsprinsipp. Dette er verkeleg ei utfordring for eit samfunn som tek mål av seg å kunne kalle seg eit kunnskapssamfunn.

Av Steinar Vagstad, førsteamanuensis dr.polit.