Av Jan Egil Romestrand, medisinstudent, frilansjournalist og representant i medisinsk studentutval

Studvest meldte onsdag 20. mars at medisinstudentar i 1990 trente på gynekologiske undersøkingar på uvitande pasientar i narkose. Saka vart slått opp på forsida, leiarplass, og ei heilside med to artiklar inne i avisa. Den vart seinare følgt opp av mellom anna Dagbladet, BT og NRK Radio.

Påstandane Studvest kjem med i dei tre artiklane er feil. Dei har ingen basis i dei faktiske tilhøva ved medisinsk fakultet. Både i 1990 og i dag mottek pasientane før dei blir innlagt eit informasjonsbrev der det står at «legestudentar vil delta ved prosedyren». Tilsvarande informasjon kan ein finne på Kvinneklinikken sine heimesider, som ligg på www.haukeland.no. Kor mange tolkingar ein kan ha av verbet «delta», er sikkert eit interessant akademisk spørsmål. Men dei aller fleste vil vel meine at når ein deltek, er ein aktivt med på det som måtte skje.

Det journalistiske handverket i oppslaget er ekstremt slett. Mellom anna vert det ikkje oppgitt kvar opplysninga om dei antatte overgrepa kjem frå. Eg vil presisere at eg ikkje med dette meiner at Studvest skulle ha namngitt kjelda si. Kjeldevernet er heilag, og journalistar har fullt høve til å nytte anonyme kjelder. Rett nok skal slik bruk ifølgje Ver Varsam-plakaten gjerast med varsemd, noko ein neppe kan seie er gjort i denne saka.

Poenget er at lesarane blir nekta høve til å stille seg kritisk til den aktuelle kjelda. Er dette noko journalisten har fått frå den same førsteamanuensisen i medisinsk etikk som «bekrefter» saka? Er det noko han har frå tidlegare pasientar? Er det ei vandrehistorie han har snappa opp? Lesarane blir haldne i uvisse. Utifrå teksten kan ein lett få inntrykk av at det er same kjelde som gjev opplysning og «bekrefter» henne. Dersom det er tilfellet, er det eit særs stygt brot på journalistisk skikk og bruk.

Artikkelen baserer seg vidare i all hovudsak på førsteamanuensisen, og er med andre ord basert på så å seie ei enkelt kjelde. I artikkelen er det ingenting som tyder på at journalisten har utvist kjeldekritikk. Til dømes er det ei rekkje av utsegnene førsteamanuensisen kjem med, som heller enn å kommentere den faktiske saka, understrekar behovet for undervisning i medisinsk etikk og farane ved mangel på denne. Døme er ei utsegn som «det var veldig lite etikkundervisning på medisinstudiet den gangen», og «moderne medisinsk etikk krever informert samtykke til undersøkelser». Det bør vere velkjent for Studvest at ulike institutt og seksjonar ved Universitetet kjempar beinhardt om forskingsmiddel frå ulike instansar, til dømes forskingsrådet. Det synest ikkje som om Studvest har hatt den rette kritiske sansen med omsyn til kvifor førsteamanuensisen uttalar seg i denne saka.

I tilsvarsartikkelen «Har ikke fått noen klager» vert den ansvarlege for undervisninga på Kvinneklinikken intervjua. Her uttrykkjer han det same som alle medisinstudentar eg har vore i kontakt på ulikt vis har meint: Dersom påstandane Studvest kjem med hadde vore tilfellet, hadde det vore eit overgrep. Dersom ein mottek pasientklager, må det medføre oppvask. Men heile vegen i tilsvaret kommenterer undervisningsansvarleg faktiske tilhøve og praksis ved Kvinneklinikken. Ingen stad kjem reaksjonen hans på opplysningane i hovudoppslaget til uttrykk.

Utifrå artikkelen må ein spørje seg om undervisningsansvarleg ved Kvinneklinikken på noko tidspunkt vart gjort klar over premissane for intervjuet.

Forståeleg nok hender det at ein journalist gjer feil i iveren etter å sikre seg ei god sak. Difor har ein ei redaksjonsleiing som skal stogge slikt som dette oppslaget i tide. Men i staden for å stogge oppslaget, skriv nyhenderedaktør Kristian Aas ein særs spekulativ leiarartikkel. Mellom anna anklagar Aas, berre basert på dei to artiklane i Studvest, og utan å presentere ny informasjon, det medisinske miljøet for misforstått lojalitet og misbruk av pasientar. Han avsluttar så med å spekulere i at medisinmiljøet held fram med å praktisere på uvitande pasientar. Dette er så horribelt grovt at ord i sanning blir fattige.

Og til slutt set ansvarleg redaktør Ingrid Åbergsjord heile dette «journalistiske» makkverket på trykk. Dette vitnar om eit totalt fråvær av journalistisk og etisk gangsyn. Oppslaget inneheld etter mi meining fleire brot på Ver Varsam-plakaten, mellom anna punkta 3.2 (kjeldekritikk) og 4.4 (overskrifter). Oppslaget mistenkeleggjer og bakvaskar ei stor studentgruppe og eit viktig fagmiljø ved Universitetet.

Er verkeleg Universitetet i Bergen tent med ei internavis av ein så slett kvalitet? Dette er uansett ikkje det verste med denne saka. Det verste er at Aas og Åbergsjord umogleg kan ha vurdert den belastninga dei har lagt på allereie hardt nok prøvde abortpasientar på Kvinneklinikken, ved å trykkje dette oppspinnet. Men Studvest fekk namnet sitt på radioen. Og i dei ordentlege avisene.

Det var nok stas.