Veggen er svært lang og for så vidt eigna, sidan det er få vindu der.

Frå funksjonalismeperioden i mellomkrigstida har Bergen kanskje fire bygg som er av så høg kvalitet at dei tåler å visast fram internasjonalt: Sundt-bygningen (freda), Kalmarhuset, Forum Kino og Bergens Kunstforening. Felles for dei alle er at dei er integrerte kunstverk, og ingen er i tvil om det. For dei to siste (begge av arkitekt Landmark) er det spesielt forholdet mellom slette veggflater og glasfelt som er med på å danne det talande uttrykket, samanhengande vurdert over alle synlege fasadar.

Forum Kino har ein av dei beste veggene i byen, så godt som utan vindu eller dekor. Ein avgjerande kunstnarleg verdi er forholdet mellom den tette, einsfarga veggen og lyslanterna over inngangen. Det er arkitekturens stille måte å halde fram filmens råstoff på — mørket og lyset. I eit uventa lykkeleg samspel.

Bergens Kunstforening har noko av det same motige spelet mellom samanhengande tette og transparente flater. Det berømte fotoet av bygningen i kveldslys seier meir enn ord om kva nivå den ligg på: Det dreiar seg ikkje her om provinsbyggeri. Ein poetisk samtale mellom lys og mørke kalla fram gjennom demonstrasjon og framsyning, - ingen illustrasjon.

Av det som Kommando så langt har vist av aktuelle eksempel må ein forstå at graffitien - visuelt sett - vil komme til å rive bygningen i fillebitar.

Ingen kan sjå bort frå at graffitimåten også fører til interessante kunstuttrykk, om enn i anna lei. Den må soleklart få prøve seg.

Men å framheve eitt kunstspråk ved å destruere eit anna? Å framheve seg sjølv ved å øydelegge ein kollegas vellykka arbeid?

Då Bergens Kunstforening for ikkje lenge sidan vart ombygd, vart arkitekt Landmark sterkt framheva. Det vart sagt vakre ord om kor høgt ein respekterte mannen og verket. Den nye kafeen fekk namnet hans som ein ekstra honnør.

No - få år etter - ser ein kor djupt forståinga av arbeidet hans stakk. Så langt som til eit høveleg pressejippo, eit hendig trendinnfall. Like mykje verd som ein sigarett i klubben.

ARNE INGVALDSEN, BERGEN