Ho nemner diakontenesta som står sterkare i Kyrkja på Austlandet enn her på Vestlandet, hjå oss. Der har mange kyrkjelydar valt å tilsetja diakonar til å leia kyrkja sitt lokale sosial— og omsorgsarbeid. Eg arbeider sjølv som soknediakon, som den første av det slaget i Nordhordland. For å ta denne utdanninga måtte eg dra til Oslo for å ta det avsluttande sisteåret, eit års diakonistudium, etter å ha teke basisutdanning ved Norsk Lærarakademi i Bergen. Eg budde såleis borte frå familien min dette året, fordi eg valte heiltidsutdanning med ønskje om å få vera i eit studiemiljø, med større rom for samtale og utvikling enn det ei deltidsutdanning ville kunna gje. Det eg undrar på er kvifor ikkje Haraldsplass tilbyr dette eine studieåret? Eg trur eit slikt studium ville vera ei viktig drivkraft for diakonien i Bjørgvin og på Vestlandet. I Oslo har ein ikkje mindre enn tre diakonutdanningsstader: Lovisenberg, Diakonhjemmet og Menighetssøsterhjemmet. Dette fortonar seg som litt skeivt fordelt.

GRO FYLLINGSNES, EIKANGERVÅG