Av Rune Garmann

Hosteland

Den eine artikkelen hadde denne overskrifta: «Sjekk hva barnet koster deg». Ingressen til artikkelen var utforma slik: «Vurderer dere å få en pode til? Det vil koste dere minst 860.864 kroner, fra barnet er nyfødt og frem til det er 18 år».

Eg har forståing for at det i ein del samanhengar kan vere naudsynt å ha eit økonomisk perspektiv på ansvaret for oppsedinga av born. Avisa sin supplerande artikkel om emnet er eit godt døme på det. Og i den grad den offentlege armoden rammar oppvekstvilkåra for born og unge — det gjer han i altfor stor grad, etter mi meining - ser vi også at ein ikkje kjem unna økonomiske vurderingar av dei vilkår vi som samfunn byd borna våre.

Men eg reagerer likevel sterkt på framstillinga av eit menneske sin barndom som ein kostnad, ein utgiftspost. Sjølv er eg far til fem. Eg har aldri opplevd borna mine som anna enn ei beriking av livet mitt. Naturlegvis har det vore tider der den private økonomien har vore stram, og der familien har måtta prioritere mellom mange ynskje og behov. Og det er framleis langt fram til at likninga mi vert interessant lesnad på skattelistene. Men rik er eg.

Som sagt, eg er far til fem.

For å vise det meiningslause i å framstille barndom som ein del av det personlege konsumet, vil eg kome med fylgjande tenkte situasjon: Eit par foreldre står ved ei kiste, kista til deira 14 år gamle barn. Kor mange kan tenkje seg å trøyste dei med å peike på at dei i denne situasjonen har «spart» 177.024 kr i utgifter, ifylgje utrekningane i BT?

Eg trur ikkje det vil vere mange. Heldigvis. Folk veit betre, trur eg. Eg trur dei fleste born kjem som ei velkomen gåve. Etter å ha arbeidd i skuleverket i om lag tretti år har eg røynt at dei fleste foreldra gjer det beste dei kan for borna sine, så langt dei er i stand til det. Og eg trur dei gjer dette fordi dei opplever det som det mest meiningsfulle dei kan gjere. Borna er det mest meiningsfulle dei kan bruke pengane sine på.

Dessverre er eg ikkje like trygg for at vi unnar «andres ungar» det same som «eigne born». Omfanget av og kvaliteten på ein god del av tilboda vi som samfunn tilgodeser denne gruppa med, tyder på at ikkje alle er like romslege når det gjeld born som ikkje er våre eigne. Eg let tildeling av ressursar til skuleverket stå som eitt døme på dette, og nemnar situasjonen innan psykisk helsevern for barn og unge som eit anna døme.

I ein slik samanheng vert ei vinkling av barndommen som ein utgiftspost verkeleg fårleg, og noko vi må ta avstand frå.