Det er òg eit uttrykk for at ordet apartheid har sin lokale variant. Når okkupanten nyttar kamphelikopter for å ta livet av så vel tilfeldig forbipasserande som dei som er aktive i kampen mot okkupasjonen, er dette drap. Når den sionistiske staten dagleg trakasserer folk ved dei hundretals militære kontrollpostane i dei okkuperte områda, viser dette framfor alt at den kampen staten Israel fører ikkje er ein krig mot terrorisme. Det er ein krig som har som einaste føremål å audmjuke, det er ein krig mot verdigheita til eit folk. Krigen staten Israel fører mot det palestinske folket har som føremål å gjere livet så utåleleg at dei som kan, skal velje å reise. Dei som vert att skal kuast slik at dei aldri kan reise seg.

Å bruke ei markering av Krystallnatta til å peike på brot på menneskerettar i dag, er å trekkje den lærdommen av historia at overgrep mot mennesket sitt verde aldri skal tolast. Staten Israel høyrer til mellom dei verste i så måte.

ARNE APOLD