Ingen fyrverkeri, ingen salutt, ingen champagne. Men litt festivitas blei det i både kyrkja og samfunnshuset. Ølen kommune er formelt overført til Rogaland, som veks til 27 kommunar medan Hordaland minkar til 33.

— Trist, meiner statsråden

— Det er trist at det får slike følgjer for heimfylket mitt Hordaland. Ølen har såleis vore ein del av valkrinsen min i tolv år, seier kommunalminister Erna Solberg til Bergens Tidende.

— Men dei gamle kommunegrensene er lagde etter gamle samferdselsmønster, og er ikkje lenger optimale for innbyggjarane. Derfor ønskjer eg fleire endringar på dette området, ikkje berre mellom kommunar, legg Solberg til.

— Det er gildt å vera fylkesordførar i Rogaland i dag. Me får ein ny, solid landbrukskommune med breidde og dynamikk i næringslivet, helsa Roald G. Bergsaker forsamlinga.

Mange gjester

Kommunalministeren var blant dei inviterte gjestene på gårsdagens festmiddag i Ølen samfunnshus. Ordførar Arne Bergsvåg og Rogalands fylkesordførar Roald G. Bergsaker var vertskap, og fylkesmusikarane i Rogaland spelte.

Til stades var også fylkesmennene i Hordaland og Rogaland, Svein Alsaker og Tora Aasland, fylkesrådmenn, naboordførarar og -rådmenn. Av dei frammøtte gamleordførarane i Ølen - Johannes Løvdahl, Endre Heggen, Anders Haugland og Dominikus Bjordal - smilte Bjordal aller breiast. Venstremannen var den som saman med Trekantsambandet og nedlegginga av Bjoa-ferja til Stord fekk Ølen til å venda Hordaland ryggen.

123 røyster avgjorde

Likevel var det så vidt fleirtalet haldt for overføringstilhengjarane i folkerøystinga saman med kommunevalet i 1999. Med berre 123 røysters overvekt blei det avgjort at 3300 innbyggjarar skulle skifta fylke. Stortinget gjorde endeleg vedtak 14.juni i år.

Kyrkjeleg går Ølen over frå Bjørgvin til Stavanger bispedømme. Dette skiftet blei markert med ei festgudsteneste i Ølen kyrkje, der mellom andre biskop Ole Hagesæter og biskop Ernst Baasland var til stades.

FLYTTAR GRENSER: Gjester og vertskap på gårsdagens markering av at Ølen kommune frå 1. januar er overført frå Hordaland til Rogaland fylke. F.v. fylkesmann i Rogaland, Tora Aasland, fylkesordførar i Rogaland, Roald G. Bergsaker, kommunalminister Erna Solberg, ordførar i Ølen, Arne Bergsvåg og fylkesmann i Hordaland, Svein Alsaker.
FOTO: OVE OLDERKJÆR