Av Ove Arne Olderkjær

Ølen kommune: 3330 innbyggjarar, 184,6 kvadratkilometer. Vindafjord kommune: 4820 innbyggjarar, 444,2 kvadratkilometer.

Sparer 6,5 mill. årleg

To nabokommunar i Rogalands nordaustlege hjørne som slit tungt økonomisk. Kommunestyra har vedteke ein intensjonsplan om samanslåing frå 1.januar 2006. Det kan ifølgje Rogalandsforskning gje 6,5 millionar kroner i årleg administrativ innsparing.

Det er som musikk i kommunalminister Erna Solberg sine øyre. Men ingen ting er avgjort før folket innan klokka 20 i kveld har sagt sitt. Dinest er det dei nyvalde kommunestyra til hausten som skal følgja opp dersom folket seier ja.

I den rådgjevande folkerøystinga er det nok med simpelt fleirtal. I 1999 avgjorde ølensbuen med 123 røysters margin at Ølen skulle skifta fylke, røysteresultatet førte til den formelle overføringa 1.januar i fjor.

Låg temperatur

Kommunepolitikarane i Ølen og Vindafjord er blitt einige om at Vindafjord blir namnet på den nye kommunen, og at administrasjonssenteret skal liggja i Ølen.

Svært mange har på førehand ikkje bestemt seg med omsyn til kva dei skal røysta i dag. Temperaturen i samanslåongsdebatten har også vore låg, inntil Arbeidarpartiet sine lokallag i begge kommunar i januar gjekk ut å frårådde samanslåing. Dei blei straks møtt av ein ja-aksjon.

Erna Solberg deltok på eit folkemøte sist torsdag i Vindafjordhallen saman med leiaren i kommunalkomitéen på Stortinget, Magnhild Meltveit Kleppa. Mellom linene let kommunalministeren det skina gjennom at regjeringa på sikt vil ty til tvangssamanslåing dersom kommunane sjølve ikkje går saman i meir slagkraftige einingar.

Meltveit Kleppa ville ikkje gi råd om kva folket skulle velja, men la til at det ikkje er storleiken på ein kommune som avgjer tenestetilbodet der.