TERJE ULVEDAL terje.ulvedal@bt.no

Rørvik vart funnen etter at nokre personar som arbeidde ved Storhallen i Sogndal, såg eit lik i elva.

Politi og Røde Kors drog deretter til staden, og kunne slå fast at ein død mannsperson låg i elva. Dykkarar som vart tilkalla fekk personen på land.

På den omkomne fann dei papir som stadfestar at det var Ole Ivan Rørvik som låg i elva. Sjølv om det ikkje via obduksjon er fastslått at det er den sakna studenten som er funnen, reknar politiet no som sikkert at det er Rørvik dei har funne.

Rørvik som opphavleg kjem frå Askvoll, har vore sakna sidan 25. februar. Det har vore ei omfattande leiting etter den sakna høgskule-studenten, og også i området der han no er funnen har det vore søkt tidlegare. Isen har vore veldig tjukk på elva i dette området, men islaget var no i ferd med å losne etter varmegradene dei siste dagane.

Plassen der Rørvik vart funnen, ligg berre eit par hundre meter frå huset der han budde.