EYSTEIN RØSSUMeystein.rossum@bt.no

47-åringen er dagleg leiar i Global Florø A/S og Global Herøy A/S. Begge selskapa er ein del av Pan Fish-systemet i Ålesund, som er landets største produsent og seljar av sild og makrell, og verdas største lakseoppdrettar.

Den daglege leiaren er saman med to andre tilsette i Global Herøy A/S sikta for å ha svindla med sild og makrell ved anlegget i Herøy.

Jukset skal ha skjedd ved at vektene som viser kor mykje fisk som går inn i produksjonslokala, har vore tukla med.

Resultatet skal ifølgje politiet og fiskeridirektoratet vere at store mengder fisk har gått inn utan å bli registrert i vektpapira.

Fem sikta Eit anna selskap i Ålesund — Sunnmøre Fiskeindustri A/S - er mistenkt for å ha svindla på same måte. Der er både noverande og den førre daglege leiaren sikta.Fire av dei fem sikta vart pågripne og avhøyrde fredag, den femte laurdag. Det er sett inn store ressursar i etterforskinga - til saman deltok eit 40-tals tenestemenn frå fylkesskattekontoret, Tollvesenet, Justervesenet, Økokrim og Fiskeridirektoratet i den samordna aksjonen, som var nøye planlagt.

— Bakgrunnen er to rutinekontrollar fiskeridirektoratet utførte på dei to anlegga i januar og februar. Dei fann klare teikn på at vektene var manipulert, seier politiinspektør Arnt-Erik Oust i Ålesund, som leiar etterforskinga.

- Betydeleg Regiondirektør i Fiskeridirektoratet, Sverre Ola Roald, seier omfanget på svindelen er stort.

— Vi har avslørt betydeleg manipulering, seier Roald.

Etterforskarane skal no prøve å finne ut kor mykje fisk som har gått ut av anlegga for å undersøkje om det er sprik i forhold til mengdene som har gått inn.

Ved Global Herøy skal det vere funne utstyr som kunne brukast til å sette vektene ut av spel. Noko liknande skal vere tilfelle ved Sunnmøre Fiskeindustri.Global Herøy AS selde sild og makrell for 170 millionar kroner i 1999, Sunnmøre Fiskeindustri A/S er enda større, med omsetjing på over 300 millionar kroner i 1999.

Første gong Det er eit kjent fenomen i fiskeribransjen at det blir seld meir fisk enn kva rapportane styresmaktene får om fangstane skulle tilseie. Fiskeribedrifter har fått millionbøter for å selje meir fisk enn dei har oppgitt i papira.

Men det er første gong at kontrollørar meiner å ha avdekt fusk med vektene. Ingen vil seie noko sikkert om kven svindelen på Sunnmøre skal ha ramma.

Det er to alternativ: Enten har fiskaren ikkje fått betalt for all fisken sin. Eller så har selskapa betalt for ein del av fisken under bordet. I så fall har Staten vorte snytt for skattinntekter, i tillegg til at fiskaren har vorte i stand til å fiske meir enn han har hatt kvote til.

— I utgangspunktet meiner vi det er fiskarane som har vorte svindla, seier politiinspektør Oust.

Utelukkar svart sal Konsernsjefen i Pan Pelagic, morselskapet til Global-selskapa, er overraska over politiets aksjon fredag og laurdag.

— Eg kan i alle fall garantere at det ikkje har vore svart sal av fisk hos oss. Dette er vi veldig medvitne på, seier konsernsjef Geir Robin Hoddevik i Pan Pelagic.

Alle dei fem sikta nektar seg skuldige.