• Voss kommune har god kommunikasjon med Aurland om den kvite steinen, seier rådmann Einar Hauge til Bergens Tidende.

At Aurland sikrar seg 70 prosent av interessene i Luna Mineral AS, som vil styra utviklinga med den ekstremt verdfulle naturressursen, er ikkje problematisk for Voss, seier rådmannen.Langt over 90 prosent av forekomsten ligg i Voss kommune. Ei utnytting av ressursen vil gje arbeidsplassar og inntekter for vossingar og kommunen.— Utskipingshamn kan bli lokalisert til Aurland, og dei har det meste av landskapsvernområdet innanfor grensene sine. Difor er det naturleg at Aurland prøver å finna balansen mellom bruk og vern i dette området, seier Vossa-rådmannen.