KJERSTI MJØR Det har regna jamnt og trutt i august, og i Bergen fall det 235 millimeter nedbør denne månaden. Det er 45 meir enn normalt.

— Det er ganske regnfullt, ja, seier metereolog Tone Christin Takle til BT.

Men ikkje oppsiktsvekkande vått, sjølv om det til tider kanskje føltest slik. Og framleis er det eit godt stykke igjen til nedbørsrekorden frå august 1921, då det kom ned 415 millimeter vatn i bergensområdet.

Tørrast i Lærdal

Véret skapte likevel stor dramatikk forrige månad. 17. august førte kraftig torevér og regn til brann, straumbrot, jordras og telekaos. Det vart sett lynrekord på vestlandet og nedbørsrekord på Takle i Gulen. Der kom det ned 84 millimeter nedbør i løpet av eit døger, og gjorde 1962-rekorden på 75 millimeter til skamme. I Bergen kom det ned 47 millimeter nedbør same dag.

I Modalen, der dei er godt vande med nedbør frå før, regna det 71 prosent meir enn normalt i august. I Lærdal var det derimot godt og tørt til Vestlandet å vera: Der kom det berre 42 millimeter nedbør forrige månad, og det er godt under det normale for sognebygda. Regn frå onsdag kveld

Ifølge meterolog Takle skal regnet halda seg unna til onsdag kveld. I dag er det meldt om nordleg bris som kan koma opp i liten kuling, opphald og stort sett fint vér.

Onsdag blir det sørvestleg bris og utrygt for regn om kvelden, og torsdag vestleg bris og regnbyger på dagen. Om kvelden er det venta nordvestleg kuling.

VÅTT: På Dalsøyra i Gulen fant elven seg et nytt løp under flommen i August.
ARKIVFOTO