Med eitt viktig unnatak – det pinlege opptrinnet under valet av stortingspresident – har Carl I. Hagen spelt sine kort med klokskap under oppspelet til Bondeviks andre regjering.

Ingen er i tvil om at han kjenner sin eigen og partiets verdi, og veit å bruka det på ein måte som fører Framstegspartiets inn på scenen og fram i lyset. Men no har vi passert eit punkt der stråleglansen vil minke. No flyttar prosjektørane seg frå Hagen til Bondevik og hans nye regjering, som fredag stig fram på Slottsplassen. Der får ikkje Hagen vera med.

Ingen kan snakka seg bort frå det faktum at Bondeviks andre regjering er blitt til på Hagen og Framstegspartiets nåde. Hagen gav dess meir ei hjelpande hand og vart ein slags katalysator då det rota seg til for Jan Petersen. Hagen hadde betre enn dei fleste forstått at hans sjanse ligg i eit regjeringsskifte, som i fire år framover vil gi han ei rolle. Ikkje hovudrolle, rett nok, men ei rolle. Hagen veit kor vanskeleg livet er når du inga rolle har å spela.

Redsla i Kristeleg Folkeparti

No er spekulasjonane i gang om kor hardt Frp vil pressa den nye Bondevik-regjeringa. Redsla er størst i Kristeleg Folkeparti.

Ute i organisasjonen fryktar dei at Bondevik II skal selja sjela si, stykkevis og delt, til ein grådig Hagen utan politisk magamål. I deler av KrF er Hagen eit fyord, og alt snakk om skriftlege, bindande avtalar med den mannen er som bannord i kyrkja. Til grunn for denne redsla ligg også ein tanke om at Kjell Magne Bondevik legg mykje prestisje i at hans andre regjering skal bli stabil og langsiktig og vara i fire år. Kan det tenkjast at gode KrF-saker kan bli ofra på det altaret?

Men rett skal vera rett: Andre KrF-arar minnest med glede den avtalen med Frp som sikra kontantstøtta, KrFs store flaggsak. Høgre er av gode grunnar mindre bekymra, fordi dei berre i liten grad fryktar Hagens politikk. Dei er meir redd for at støttespelaren på høgresida skal driva på med sine politiske krumspring og gje sanning til ordspelet om at ingen veit kor Hagen hoppar. Frå Venstre har det, av ein eller annan grunn, ikkje kome til uttrykk nemnande skepsis til samarbeidet med Hagen. Er det sosialliberale Venstre så fornøgd med sin nye situasjon?

Mildt press frå Hagen?

Men kanskje er redsla for eit kravstort Frp overdriven? Det er ikkje så godt å sei.

Men Carl I. Hagen har aldri — i si 25 årige politiske historie – stått nærare sitt store mål: Å bringa Framstegspartiet inn i den politiske varmen. Dersom han og partiet hans ter seg slik at Bondevik etter fire år han gje han «godt» eller «mykje godt» i den disiplinen som før heitte «orden og åtferd», så er mykje gjort. Mykje tyder på at det kan bli utgangen. No har Hagen ei gruppe utan lause kanonar på dekk, og dei vil gjera som Hagen seier. Det vil bli forhandlingar som tidvis kan bli vanskelege, men Hagen kan ha som rettesnor at han ikkje skal vera urimeleg, og at han framfor alt skal vera innstilt på å finna løysingar. I somme saker vil han også bli lønna med politisk gevinst.

I så fall kan dei komande fire åra føra Hagens parti inn i ein ny posisjon. I 2005 kan han gå til val på ein brei, ikkje-sosialistisk koalisjon.

Forfell han til bajaseri?

Det motsette scenariet er mindre lysteleg, sett med Bondeviks augo. Det teiknar ein Hagen som gir opp sitt anstendigheitsprosjekt og vil krevja Bondevik for langt meir enn han kan få. Då anar vi eit Framstegsparti der stortingsrepresentantane får friare roller, med rom for eit visst bajaseri.

Til grunn for ei slik utvikling kan tenkjast eit «anstendig» Frp som etter ei tid får dårleg betalt på meiningsmålingane. Skulle det skje, at Bondeviks lojale støtteparti Frp rasar på målingane, veit vi frå før at det er signal Carl I. Hagen er særs var for.

Men det er mindre sannsynleg. Tvert om vil Framstegspartiets mange veljarar – som synest partiet er blitt hundsa med i ein liten mannsalder – trivast med at Bondevik gir Hagen ei rolle å spela. Endå om han ikkje blir heilt med på laget.

Men dette set ned eit nytt, eller skal vi seia nygamalt – grensegjerde i norsk politikk. No får vi Bondevik II/Frp på eine sida og Sp, Ap og SV på den andre. Den grensa blir vanskeleg å kryssa dei neste fire åra.