— I alle saker der regress er aktuelt, vert det gjort ei vurdering av vedkomande si nåverande og framtidige betalingsevne. Svært ofte endar ein opp med at ein ikkje vil ta bryet. Det er ikkje noko å henta likevel, seier informasjonssjef Stein Haakonsen i FNH til Bergens Tidende.

I saker der skadevaldande bil ikkje er forsikra, og selskapa må betala erstatning etter trafikkforsikringa (ikkje kasko), vert det reist regresskrav på vel 40 millionar kroner årleg. Av dette vert rundt ti prosent faktisk betalt, ofte på tilpassa nedbetalingsordningar.

— Svært ofte har ikkje dei impliserte meir å rutta med enn det dei treng til livsopphaldet, og då er det ikkje aktuelt her i landet å driva inn pengane. Konsekvensen er at bilforsikringane blir dyrare enn dei burde vore, for alle, seier Haakonsen.