OVE A. OLDERKJÆR ove.olderkjaer@bt.noStordEtter to magre år på lærlingfronten er Aker Elektro på veg mot gamle høgder for haustinntaket. Aker Elektro tek inn heile 50 lærlingar innan elektro og automasjon.— Årets inntak er ei stadfesting på at den kapasitetstilpassinga vi har vore gjennom definitivt er forbi. Aker Elektro er tilbake på kartet som den største og mest aktive elektrobedrifta i landet, seier hovudtillitsvalt Atle Teigland i Aker Elektro.Aker Elektro har i dag 1600 tilsette, Teigland representerer 900 av desse. Aker Stord har sidan i haust gjennomført både nedbemanning og permittering, verftet skal ned mot 1200 tilsette. Verftet tek inn 20 lærlingar fordelt på fem fag i haust, mot 11 i fjor. Årets inntak er berre ein firedel av nivået for ti år sidan. - Vi ser lyst på framtida. Det er stor aktivitet offshore innan drift og vedlikehald. Nybyggaktiviteten tek seg opp. Vi har mange prosjekt på land, seier Aker Elektros divisjonssjef for Olje & Gass med tusen tilsette, Jon Oddvar Fadnes.