Av Hans Olav Tungesvik,

psykiater

Sjølv om journalisten ikkje var å lasta, var eg slett ikkje nøgd med ordlyden i intervjuet då eg såg det på trykk. Det vart skeivt i høve til det som er mitt syn og mi røynsle frå omfattande arbeid med overgrepssaker.

I samtale med BT-journalisten viste eg til eit intervju Vårt Land hadde med meg 15.08., og eg sa at han gjerne kunne sitera direkte derfrå om hovudspørsmåla dersom det høvde slik. Det vart ikkje gjort. Eg vil derfor tillata meg å sitera litt frå dette intervjuet:«Han mener samtidig at det er uhyre viktig at den som melder fra om et overgrep, opplever å bli trodd av hjelperne sine. — Men i slike saker er det viktigste at vi som parti opptrer ryddig og tydelig, samtidig som man overlater til andre myndigheter å utrede sannhetsgehalten i det som blir hevdet. Derfor trenger vi fortsatt retningslinjer».

Mitt hovudpoeng i begge intervjua var at det er ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å fråta ein tillitsvald alle politiske verv med bakgrunn i at han er meld til politiet. Det må vera eit minstekrav at det føreligg ei sikting eller tiltale.Det er ei mistyding når dei fem kvinnene i BT 26.08. hevdar at eg «forsvarar den eine parten».

Det eg gjer, er å hevda eit krav om rettstryggleik for begge partar. Det har ein ikkje dersom ei enkel politimelding skal vera nok til å fråta ein person alle verv og all ære.Eg har i arbeidet mitt kvar veke kontakt med fleire kvinner som har vore utsett for seksuelle overgrep.

Eg veit til fulle kor avgjerande viktig det er for dei i ein terapisituasjon å bli tatt på alvor og bli trudd. Det er første bod for oss terapeutar.Eit politisk parti som får slike saker i fanget, må innretta seg etter andre reglar. Der må andre instansar inn for å leita etter sanninga og trekkja dei vidare konsekvensar.

Dei fem kvinnene og eg er i realiteten fullstendig samde i synet på det som gjeld seksuelle overgrep og at det ikkje finst noko forsvar for seksuell trakassering. Eg skal vera den siste til å gå god for slikt.