Av Bjørn L. Tønnesen, statens utdanningsdirektør i Sogn og Fjordane

I Noreg vert det for fyrste gong gjort i avisene i dag og i tv og radio i går. Tidlegare har vi berre publisert statistikk over elevprestasjonar i kvar kommune . Dette avisinnlegget er skrive for å få til ei mest mogleg konstruktiv utvikling i oppfølginga av karakterstatistikk for skular.

Karakterstatistikken vil skape ei ny form for interesse for kva som skjer i den enkelte skule og det er naturleg å vente at dei tilsette ved skulane, politikarar på kommune— og fylkesnivå, foreldre, media og ålmenta meir generelt vil interessere seg for resultata og dei samanlikningane som vil komme i aviser og elles.

Som resultat av framlegg framsett i NOU 2002:10 Førsteklasses fra første klasse utarbeidd av Kvalitetsutvalet, det såkalla Søgnenutvalet, vil det frå august neste år dessutan bli oppretta ein nettportal der mange type opplysningar om kvar einskild skule skal leggjast inn. Det vil bli utarbeidd nasjonale prøver som skal måle, ikkje kunnskapsnivå, men forståings- og ferdigheitsnivå, i basisfaga lesing/skriving, matematikk og engelsk.

Mange vil vere skeptiske til denne type målingar og til at dei skal offentleggjerast. Andre land har til dels sørgjelege røynsler i så måte. Det er likevel bortkasta energi å argumentere imot ordningane som venteleg har eit solid politisk fleirtal. Det er vel òg mange som meiner at samfunnet har hatt for lite innsyn i korleis den einskilde skulen arbeider.

I nemnde NOU vert breidda i skulen sine mål streka under. Elevane skal førebuast slik at dei kan meistre livet. Til dette treng dei både kunnskapar, ferdigheiter og haldningar. Ein kan såleis med full rett hevde at det å avgrense målinga til å måle forståing og ferdigheiter i basisfaga lesing/skriving, matematikk og engelsk, berre er å løfte på ein liten flik i forhold til det totale mangfaldet i skulen sine oppgåver.

På den andre sida kan ein òg seie at mangfaldet er så stort at det er umogleg å måle alt, og ein stad må ein begynne. Dessutan er det her snakk om basisferdigheiter som er naudsynte for å kunne lære alle andre fag og for å kunne fungere godt i arbeid og samfunnsliv. Mange hevdar dessutan et den største veikskapen ved skulen i dag er at om lag 20 prosent av elevane som går ut av skulen har leseferdigheiter under eit naudsynt minstemål. Det er difor fleire grunnar til at det både i Noreg og andre land er blitt ei aukande merksemd rundt basisfaga.

Forsking viser at foreldra sin bakgrunn og foreldra sitt engasjement er viktig for elevane sin trivsel og prestasjonar. Når det gjeld foreldra sin bakgrunn har økonomien til foreldra inga forklaringskraft. I undersøkingar vert det derimot registrert klår samvariasjon mellom elevprestasjonar og om forhold som: Tid foreldra brukar på å diskutere med elevane om politikk, film, skulen osb, om foreldra spiser middag med elevane, om det er ein stille stad å lese i heimen, om det er ordbok/skrivebord/lommereknar, om det er kunstgjenstandar og diktsamlingar. Kjelde PISA-rapporten Godt rustet for framtida? Acta didactica 2001. Kap. 10.7

Kva bør skulane gjere?

I tillegg til tilsette i skulane og i administrasjonen i kommune/fylkeskommune er foreldre og politikarar viktige når det gjeld å drøfte resultata. Utfordringa er å leggje denne diskusjonen opp på ein slik måte at det fører til ei positiv utvikling. Dette gjeld både ved skular som kjem gunstig ut i statistikken og skular som kjem i nedre halvdel. Det einaste vi kan seie med 100 prosent visse er at ikkje alle skular vil vere over gjennomsnittet! (ein kan undre seg over norske sportsjournalistar. Det høyres ofte ut som om alt anna enn gull er eit nederlag. Men det er vel slik i andre land òg.)

Av omsyn til vidare utvikling vil diskusjonen sikkert i mange tilfelle konkludere med at det bør gjennomførast andre typar undersøkingar enn det som kjem frå nasjonalt nivå. Døme på dette kan vere trivselundersøkingar blant elevane, undersøkingar som gjeld korleis foreldra ser på samarbeidet, undersøkingar om korleis elevar som har begynt på vidaregåande føler grunnlaget har vore frå grunnskulen. Ein må sjølvsagt òg ha diskusjonar om forhold som undervisningsmetodikken i dei ulike faga og den pedagogiske plattforma til skulen. Her må alle partar ha eit ope sinn og sjå at dei kvar på sin måte er med å leggje grunnlaget for elevane si læring.

Kvalitetsutvalet plasserer ansvaret for å ta tak i utfordringane på kommunane og fylkeskommunen, i eigenskap av skuleeigarar. Dette er ei svær utfordring som kan bli problematisk å ta på ein god måte med den kommuneøkonomien og den nedbygginga av skulefagleg kompetanse som er situasjonen i mange kommunar.

Utfordringane er store, men for Sogn og Fjordane sin del er det likevel grunn til å vere optimistisk. Grunnen til det er særleg at vi har ein godt utvikla infrastruktur for kvalitetsutvikling i grunnskulane i fylket. Kommunane, høgskulen, Utdanningsforbundet og Statens utdanningskontor har over fleire år utvikla eit godt samarbeid. Vi har strategifora og ei lang rekkje med tiltak - etterutdanning, vidareutdanning, FoU (gjeld 40 prosent av grunnskulane), nettverk mellom skular og mellom lærarar med same fagbakgrunn, forsøk med avvik i forhold til lovverket, databaser for utviklingsplanane til alle skulane slik at dei kan hente idear hjå andre osb.

På denne bakgrunn reknar eg med at vi skal greie å gjere andre land sine røynsler til skamme. Det vert arbeidd godt i norsk skule både på landsbasis og i fylket. Lærarane har mykje yrkesstoltheit, engasjement og lojalitet til elevane. Vi har ein framifrå infrastruktur for kvalitetsutvikling i dette fylket og eit tillitsfullt samarbeidsklima mellom alle partane.