ARNE HOFSETHarne.hofseth@bt.no VossFramlegget om hompetittentur med buss gjennom Folgefonntunnelen og vidare til Bergen via Fusa og Os, med to ferjestrekningar, blir fnysande avvist i Odda.— Ei slik løysing vil vera eit tilbakesteg frå i dag, seier ordførar Toralv Mikkelsen. Og det var ikkje tilbakesteg dei var ute etter, kommunane Odda og Kvinnherad, då dei la titals millionar kroner på bordet for å få Folgefonntunnelen bygt. Snøggbåt og buss I dag går greiaste kollektivsambandet med snøggbåt frå Odda til Norheimsund, og buss vidare til Bergen over Kvamskogen. No vil fylket bytta ut "Vøringen" med ein driftsmessig billegare båt og kutta ruta på Lofthus. Folk i Sørfjorden må dermed ta buss enten til Lofthus eller Utne for å koma om bord. Ventetid på ferjekaien i Løfallstrand gjer det nye busstilbodet over Fusa ekstra surt. Fylkesrådmannen seier seg lei for at HSD ikkje kan tilpassa ferjetidene med ny bussrute betre. Det gir konkurransefordel for ruta over Norheimsund.Ordførar Mikkelsen er alt anna enn blid. Han minner om at samferdsle er eit basiselement for samfunnsutviklinga.- Når perspektivet er frå eitt budsjettår til det neste, fremjar det korkje næringsliv eller busetnad i indre strok av Hordaland. Derimot er det ei kjelde til frustrasjon og minkande tiltru til at offentleg samferdsle er eit politisk prioritert felt, seier han. Turistpotensial Mikkelsen held fram at ein direkte snøggbåt frå Rosendal (eventuelt Løfallstrand) til Flesland og Bergen vil representera eit samferdslemessig framsteg og verka regionalt samlande for fleire tett folkesette område i Kvinnherad, Odda og deler av Ullensvang.Han hevdar også at ruta vil ha eit ikkje uvesentleg turist- og reiselivspotensial. Stikkord er Baroniet i Rosendal, Industristadmuseet i Tyssedal og naturattraksjonane på Folgefonnhalvøya. Men det nyttar ikkje utan rammevilkår som let seg marknadsføra, seier Odda-ordføraren. fakta/kollektivtilbod Odda-Bergen Greiast i dag: Snøggbåt Odda-Norheimsund, buss vidare til Bergen. (Lofthus kan bli ny ende-stogg for snøggbåten).Fylket sitt nye tilbod: Buss Odda-Bergen via Folgefonntunnelen og ferjestrekningane Løfallstrand-Gjermundshamn og Vengjaneset-Hatvik.Odda sitt krav: Buss Odda-Rosendal gjennom Folgefonntunnelen, og snøggbåt vidare til Bergen via Flesland.