Og takk til alle vestlendingar som demonstrerte mot krig førre laurdag. Standpunktet er heldigvis ikkje kontroversielt, og slik sett går då verda framover trass alt. Å samla kommunepolitikarar frå RV til Frp bak ei utanrikspolitisk fråsegn hadde ikkje vore mogleg for 20 år sidan. Når Europas folk no syner sin vreide mot USA, endå kor motbydeleg ein diktator dei er på jakt etter, handlar det like mykje om kva supermakta ikkje har gjort desse åra som kva dei gjer . Tenk om USA i 1990 gjekk på talarstolen og sa:

«Okay folkens, vi vann den kalde krigen. Vi var nok litt hardhendte undervegs, men de får tilgje oss dette. No skal vi pusta ut litt, så skal vi endeleg gjera alt det vi eigentleg ville, men dessverre ikkje kunne vera med på så lenge denne terrorbalansen mot Sovjetunionen kravde all merksemd. No skal FN byggjast for alvor, som felles konfliktløysar. Vi betaler medlemspengane våre neste måndag. Vi overgjev militærbasane våre verda rundt til FN. Dei kunne bli fine overvakingsstasjonar for fred og menneskerettar. Vi skal hiva oss på arbeidet med ein permanent, internasjonal straffedomstol som kan ta seg av verdas diktatorar og krigsforbrytarar. Det er heilt greitt det, viss domstolen ikkje får tilbakeverkande kraft. Vi skal slutta oss til alle FN sine konvensjonar om menneskerettar og nedrusting, og sjølvsagt stå ved dei avtalane vi alt er med på.

Dei pengane vi før har brukt til å byggja opp og kontrollera folk som Augusto Pinochet, Saddam Hussein, Osama bin Laden og Ariel Sharon ettersom det høvde våre strategiske interesser, skal no koma FN til gode. Her skal dei nyttast til mat, helse og utdanning i dei landa som avlar krig og diktatur i sin fattigdom og frustrasjon. Religion og rasisme må også på det strengaste fordømmast som grunngjeving for krig og undertrykking. Viss nokon likevel er så gjenstridige at maktbruk er siste utveg, skal det ikkje mangla på støtte til FN sine eigne styrkar. Men vi trur nok at viss alle får tillit til at Tryggingsrådet no opptrer rettferdig og forskriftsmessig, vil det ikkje bli mange att som ikkje jenkar seg.

Berre ein liten ting til: Vi må nok også overføra noko militærpengar til utvikling av alternative energikjelder. Vi vil jo ikkje at oljeavhengigheita skal ta over etter kommunismen som den store trusselen som overskyggar alle andre interesser og høge ideal. Takk for merksemda.»

Tore Bergum, Miljøpartiet dei Grøne i Hordaland