PER MARIFJÆREN per.marifjaeren@bergens-tidende.noI går fengsla Nordfjord forhøyrsrett Jarle Kvalheim for to nye veker. Økokrim hadde kravd fire veker.— Klienten min er skuffa, og forstår ikkje kvifor han må sitje fengsla. Han har jo samarbeidd med politiet heile vegen, seier forsvarar av den svindelsikta fiskeeksportøren, advokat Per Kjetil Stautland. Aksjar for 22 mill. til svoger Medan den sikta sjefen for OK Fish Kvalheim har erkjent momssvindel på 220 millionar kroner, nektar han straffeskuld for økonomisk utruskap gjennom salet av tre oppdrettsanlegg like før jul.Då skal Jarle Kvalheim ha sytt for at vel 20 millionar kroner av oppgjeret hamna hjå eit tredje selskap - konsulentfirmaet Pering AS i Oppegård kommune utanfor Oslo. Denne delen av oppgjeret kom i form av ein aksjepost i den børsnoterte kjøparen, Pan Fish, verd rundt 22 millionar kroner. Som styreformann i Pering AS sit Jarle Kvalheim sin svoger, og svogerens kone er styremedlem. Jarle Kvalheim sjølv er varamedlem til styret. - Kvalheim har erkjent av desse verdiane vart parkert på VPS-kontoen i Pering. Han har aldri gjort noko forsøk på å halde dette skjult, seier advokat Stautland. Åpenlyst Stautland understrekar nok ein gong at Kvalheim korkje har prøvd på å unndra desse verdiane frå skattlegging, eller å føre dei ut av landet.Medan politiet meiner at Kvalheim disponerte desse verdiane sjølv, meiner forsvararen at det sjølvsagt var selskapet OK Fish som framleis kontrollerte også denne delen av kjøpesummen.Pering AS hadde i 1997 og 1998 rundt halvannan millionar kroner i omsetnad. Men i 1999 fall omsetnaden som ein stein, til under 150.000 kroner. Etterforskar ikkje Pan Fish - Transaksjonane med Pan Fish skjedde så seint som i desember i fjor, like før vi kom inn i saka, seier Petter Nordeng i Økokrim. - Dette styrker mistanken vår om at det også kan være ytterlegare forhold rundt Kvalheim og OK Fish som må etterforskast. Nordeng seier til Bergens Tidende at Økokrim så langt ikkje har funne grunn til å gå den andre parten i forretningstransaksjonen, det børsnoterte Pan Fish, nærare etter i saumane.Under fengslinga la forhøyrsretten vekt på faren for at prov skal gå tapt, men meiner at politiet ikkje treng så mykje som fire veker på å bli ferdig med etterforskinga. Dermed fekk Økokrim berre halve den fengslingstida dei ønska.- Ser vi at tida blir for knapp, vil vi påkjære fengslingskjennelsen, seier 1.statsadvokat i Økokrim, Petter Nordeng.