TERJE ULVEDAL

Alle dei sju tilsette i fiskeeksportselskapet står dermed utan jobb. Like til i går ettermiddag var dei tilsette i arbeid på kontoret til selskapet i Måløy.

Utløysande for avgjerda i styret om å begjære oppbod og gå til skifteretten, er det faktum at namsretten tidlegare denne veka gav skattefuten i Sogn og Fjordane medhald i å ta arrest i alle aktiva i firmaet.

– Alt er låst – Alle aktiva, inkludert bankkonti, er låst. Eg har vore i kontakt med skattefuten for å få dei til å lette på arresten. Dette kunne gjort det mogleg å halde fram med ei viss drift i selskapet. Men vi har ikkje fått gjennomslag. Slik situasjonen er, ser vi ikkje nokon annan utveg enn å levere selskapet til skifteretten måndag morgon, opplyser Blom til Bergens Tidende.

Sidan onsdag har Eid-advokatane Reidar Blom og Per Kjetil Stautland både representert den sikta Jarle Kvalheim og fungert som rådgjevar for dei tilsette og styret i selskapet. Blom har konsentrert seg om å hjelpe dei tilsette og selskapet, og fungerer også som talsmann for dei.

– Det som har skjedd er eit sjokk for alle, seier Blom.

Maksimalkrav Bakgrunnen for beslaget er sjølvsagt rekordkravet på 264 millionar kroner frå Fylkesskattesjefen i Sogn og Fjordane mot den daglege leiaren og eineeigaren av selskapet, Jarle Kvalheim. Den 51 år gamle bedriftsleiaren frå Måløy er sikta for å ha svindla til seg 220 millionar kroner ved å ha fått refundert moms han aldri har betalt.

Til Bergens Tidende seier Blom at kravet på 264 millionar kroner frå Fylkesskattesjefen er eit maksimumskrav.

– Kravet tek utgangspunkt i at selskapet urettmessig har fått refundert moms for så godt som all fisk som er selt i selskapet sidan 1997. Kor reelt dette er, har styret ikkje noko oppfatning om i dag. Men vi kan ikkje utelukke eit krav mot selskapet.

Advokat Reidar Blom legg heller ikkje skjul på at dei omfattande beslaga som Økokrim har gjort i saka, gjorde det svært vanskeleg å drive selskapet vidare.

– Når det vert gjort beslag i og fjerna så store mengder dokument som er viktige for den daglege drifta i selskapet, seier det seg i grunnen sjølv at det vert svært vanskeleg å halde det gåande.

Verdiar for over 100 mill. Blom kalkulerer verdiane i selskapet til over 100 millionar kroner. Dette består av fisk som er betalt og undervegs, og fisk som er levert med det OK-Fish Kvalheim ikkje har fått oppgjer. Viktigaste verdien er likevel dei 60 millionar kronene som selskapet fekk då dei nyleg selde oppdrettsdelen av selskapet til Pan Fish. Denne handelen vart kjend dagen før Økokrim slo til og arresterte Kvalheim på kontoret i Måløy.

Gjelda i selskapet er på rundt 40 millionar kroner. I all hovudsak er dette gjeld til oppdrettarar som har levert fisk, men ikkje har fått oppgjer.

– For mange av oppdrettarane er det snakk om store beløp. Dei fleste har 2-3 millionar kroner til gode. Men fleire av dei har sikra det tilgodehavande, seier Blom.