Slik måtte det gå når fylkeskommunen tek på seg ansvaret med å vera ein nyttig idiot for staten sine effektiviseringstankar. Det er utarbeidd mange fylkeskommunale delplanar som ikkje har fått stor betydning for utviklinga innafor området som er planlagt, fordi planarbeidet ikkje er laga med målsetjinga å koordinera kommunane sine behov, men som eit forsøk på overstyring. Ambulanseplanen hadde òg eit slikt utgangspunkt og fekk den skjebnen dette planutkastet måtte få; ingen ville ha denne planen slik. Kommunane fortener ros for at dei har reagert akkurat så negativt som dei burde for å ivareta innbyggjarane sine interesser. Lokaldemokratiet har derfor virka så langt.

Det er bra at ambulanseplanen og kommunane står saman om at fagkunnskapane hjå ambulansepersonalet må styrkjast. Det er viktig at ambulansen kjem snarast råd er når ulukka er ute, men det er òg viktig at den hjelpa som kjem fram er kvalifisert til rask og effektiv livgjevande førstehjelp. Det er derfor svært viktig at denne delen av ambulanseplanen vert gjennomført snarast råd er og ikkje vert ein papirplan utan realitetar. Kvalitetshevinga i denne delen av ambulansetilbodet vil koste i form av betre og dyrare utdanning og større driftsutgifter. Men om dette skal gå ut over tilgangen til ambulansen og det oppgraderte personalet er det god grunn til å tvile på den samla gevinsten for brukarane.

Fylkesrådmannen og hans stab har derfor og langt på veg teke til seg dei negative reaksjonane kommunane har gitt uttrykk for. Det dokumentet som no vert lagt fram til politisk handsaming er derfor eit svært ulikt plandokument mot det som var ute til høyring. Endringane er så store at planen helst skulle vore ute på ny høyringsrunde hjå kommunane. Ved at endringane i Rådmannen sitt endelege forslag til politisk handsaming går i positiv lei, er det allikevel forsvarleg å føra planen fram til slutthandsaming i fylkestinget utan ny høyring. Det står allikevel att minst tre delar av fylket vårt som ikkje har grunn til å vera nøgd dersom planen vert vedteken slik den no er. Ikkje minst gjeld det Etne kommune, Ulvik og Samnanger. For fire år sidan, da ambulanseplanen sist vart revidert, vart forslag om å flytta ambulansen fra Etne til Ølen stoppa ved at Pensjonistpartiet fekk fleirtal i fylkestinget for at ambulansen framleis skulle vera plassert i Etne. Slik bør det bli denne gongen òg.

Det kan truleg fagleg sett vere greitt nok at ambulansen i Samnanger vert flytta til Trengereid, men det er lite akseptabelt med bakgrunn i den lokale innsatsen som ligg til grunn for at Samnanger har hatt ambulanse i det heile. Det var ein brei folkeaksjon med lokalpolitisk tilslutnad som førde til at Samnanger fekk sin eigen ambulanse. Det kan ikkje vera politisk klokt av fylkestinget å kvele eit slikt positivt lokalt engasjement. Har det ikkje i lang tid vore framheva som nødvendig å styrkja samararbeidet mellom offentlege tenestetilbod og frivillig innsats?

Og i indre delar av Hardanger er det ikkje tilfredsstillande å leggje tal fastbuande til grunn for trongen for gode helsetilbod. Her bør òg turistnæringa kome med innspel før ambulanseplanen skal handsamast i fylkestinget i juni. Det er eit vesentleg pluss for denne næringa at helsetenestene i distriktet er den beste for gjestene så vel som for dei fastbuande.