Ein sit nesten igjen med inntrykk av at berre Arbeidarpartiet er kompetent til å forvalte den nyvunne rikdommen frå det svarte gullet. Bortsett frå lausmunna fornærming av ein søreuropeisk nasjonalitet, var talen av det ordinære slaget.

Dette forfallet hadde gått føre seg ei god stund både før og etter dei gjekk i land på den vestlege halvkula. Arnulf Øverland har ei heilt anna og langt meir fornuftig forklaring på fenomenet, som han kom med i ein velkjend tale tidleg på trettitalet: Det var inkvisisjonen som gjorde kål på eliten og alle som våga å stå fram med andre meiningar enn den religiøst korrekte. Hundretusenvis vart sperra inne og rotna bort i spanske fengsel.

I ein periode, under dansketida, tente svenskane på ei einaste sølvgruve i Dalarne verdiar tilsvarande heile det norske nasjonalproduktet, om ein kan bruke eit slik uttrykk. Frå denne tida har dei mellom anna alle sine gilde slott. Dei kunne hatt endå meir, om dei hadde late vore å blande seg inn i krigane på andre sida av Østersjøen. Kva har så dette avsnittet om svenskane med olja vår å gjere? Ikkje anna enn krigseventyret vårt på Balkan til fleirfaldige oljemilliardar, nokre hundre år etter.

Arnulf Øverlands tale er trykt i «Med Gullpenn». I slikt prominent skrift kjem aldri Stoltenbergs nyttårstale, og det skal han berre vere glad for.

MAGNE BORTNE