Av Rolf Nesheim,listekandidat for Venstre i Sogn og Fjordane ved stortingsvalet

Utan svært dårlege tal på meiningsmålingane, det foreståande stortingsvalet og det kontinentale utbrotet av munn— og klauvsjuke, hadde truleg regjeringa igjen støtta seg på meiningsfellene i Høgre og Framstegspartiet for å få gjennomført ei sterkare nedbygging av næringa. I staden får dei kraftig kritikk frå desse fordi oppgjeret er blitt for godt!

Når regjeringa no ikkje klarte eit større steg på vegen mot målet om å få vekk dei unyttige bøndene, blir det gjennom kommuneproposisjonen gjort framlegg om å endre vilkåra for overføringar til kommunane, som i 1994 overtok staten sitt ansvar for landbrukskontora. Tilskota har heller ikkje vore justert for løns- og prisvekst i denne perioden, men no skal kommunane som har landbruk, straffast ved at midlane til landbrukskontora ikkje lenger skal gjevast etter omfanget av landbruk i kommunen, men etter folketal og busetjing. Konsekvensen er at dei fleste landbrukskommunane sit att med naudsynte tilsette på landbrukskontoret, utan rammeoverføring til å drive tenesta. Litt av ein reklame for overføring av nye oppgåver til kommunane! Gevinsten? Den får byane fordi dei har lite landbruk, men mykje folk. Det gjer ikkje meining å betre byane sine rammevilkår ved å tilføre dei midlar for å utføre oppgåver dei ikkje har, mens dei som har oppgåvene, blir fråtekne midlane.

Samstundes står den eine statsråden etter den andre fram i media og seier at berre du som forbrukar nyttar makta di, så får du det som du vil. No oppmodar statsministeren foreldra om å stå på og hente ut redusert foreldrebetaling i barnehagane endå han veit at sveltefôringa av kommunesektoren gjennom underfinansierte reformer, gjer det umogeleg å imøtekome alle statlege pålegg og krav. Han bør halde seg for god til å love på andre sine vegne, eller skuve forbrukarane framfor seg, slik han no gjer. Statsministeren bør heller syte for at partiet gjer som Venstre: Programfestar fullfinansiering av statlege reformer og pålegg gjennom lover og forskrifter. Veljarane bør nytte makta si ved valet til å gje melding om at pengane må følgje med, ikkje berre dei fagre løftene som blir så alt for fort gløymde når valet er over.