Onsdag vart 28 politiembetsmenn, som dei første, dekorert av Killengreen, med korset.

Langvarig misnøye i politiet med at politiet ikkje har hatt ordnar, tilliks med forsvaret, er ein hovudgrunn til at politidirektøren har bestemt seg for å innføre ordensvesenet.

Det forklarar politidirektør Ingelin Killengreen sjølv til Bergens Tidende.

Ein annan grunn er at norske politifolk som deltek i utanlandsoppdrag, som i FN-operasjonar, skal kome meir på line med utanlandske kollegaer.

Dei blir visstnok rikt dekorert og «behengt» med «sildesalat», som er eit vanleg uttrykk for distinksjonar på uniformsbrystet.

Initiativet til ordenssystemet er teke i Politidirektoratet og det er ikkje teke opp med Justisdepartementet, opplyser Killengreen.

— Men er ikkje ordensvesenet litt passé og noko som mange trekker på smilebandet av?

— Eg veit ikkje det. I politiet har det lenge vore ynskje om å få eit slikt system. Mange har spurd om ikkje vi kan få det når ein har det til dømes i politiet i dei andre skandinaviske landa, Ja, og så i forsvaret då. I Danmark får alle som har tenstegjort i politiet i 25 år, ein orden, seier Killengreen.

Det er utarbeidd eit omfattande regelverk eller statuttar for vilkår for tildeling og bruk av ordenen.

Dei som får korset, skal mellom anna kunne bruke ordenen når dei opptrer i galla.

Under middagen ved det årlege politisjefmøtet onsdag delte Killengreen ut 28 politidirektørkors. 25 gjekk til nesten alle politimeistrane som har «misst» jobben, det vil seie at dei har tittel og løn att, men ikkje kommandoposten som politimeister. Tre gjekk til politiinspektørar, den eine mellom anna for stor innsats i samband med Åsta-ulykka, den andre for stor innstas som konstituert politimeister og den tredje for mangeårig innsats som leiar i Politiembetsmennenes landsforening.

BLEI DEKORERT: Onsdag kveld, under ein middag i Oslo, vart tidlegare politimeister Rolf B. Wegner dekorert med «Politidirektørens kors» av politidirektøren sjølv, Ingelin Killengreen. No vil han til Politihøgskolen i Oslo.
FOTO: POLITIDIREKTORATET