Mange av dei fornamn som for få ti år sidan vart sett som utdaterte, sære og gamaldagse, er i dag mellom tidas mest brukte. Framtidsvisjonære på midten av 1900-talet ville kanskje heller ha spådd om namn med eit meir futuristisk tilsnitt for vår tid, gjerne teknologisk inspirerte. Men reint namnemessig er vi i dag så fjernt frå cyberspace som ein kan koma.

Dei to mest populære namna i 2001 var Markus og Julie — begge er namn som har lange tradisjonar her i landet. Dei er også representative for dei andre namnetypane som har auka kraftig i popularitet sidan midten av 90-talet; det er gjerne snakk om namn som var mykje brukt særleg i borgarlege bymiljø kring 1900, som Julie - eller gamle, gjerne bibelske namn, som har vore noko mindre brukt, som Markus. Også namn som helst vert assosiert med det gamle bondesamfunnet har fått ein oppsving; namn som Anna, Oline, Johan og Lars. Korleis kan namnevala fortelja oss noko om vår samtid?

Fornamn er eit sjølvsagt, daglegdags, men fargesterkt fenomen som høyrer til symbolverda vår. Folk sine førestellingar om namn vitnar såleis om meir enn berre estetiske preferansar.

Eit døme som syner korleis fornamn kan fungera som sosialt verdibarometer, finn vi i dei norske namnestatistikkane frå 1945, då bruken av namna Liv og Fred skaut i været. På femtitalet, då vi skulle gjenreisa landet etter krigen og legga fortida bak oss, og USA for alvor eksploderte som underhaldningsmaskin, var det dei «nye», amerikanskinspirerte namna som tiltrakk oss.

Frank, Roger, Linda og Anita er døme på slike. Eldre tids slektsbundne oppkallingsreglar speglar også på mange vis det samfunn dei fungerte i. Gjennom namnet vart det formidla til omverda kven du var, kvar du høyrde til, og i nokon grad også kva du var sett til å driva på med i livet. Den gamle, bundne oppkallingspraksisen reflekterer det som var namnet sin hovudfunksjon; å definera beraren som medlem av eit bestemt kollektiv.

I dag har bruk av slektsnamn og gamle, norske namn fått ein renessanse. Mine informantar blant småbornsforeldre i ulike vestlandsmiljø er representative for denne tendensen. Dagens oppkallingsvariantar er for dei fleste underlagt korkje reglar eller normer påført utanfrå, men dei som kallar opp gjer det, som før, oftast etter medlemmer av slekta.

Trass i valfridomen synest det i hovudsak å vera to måtar å bruka slektsnamn i dag. Mest vanleg er det å velja eit namn fordi det finst i slekta.

Men mange kallar også opp etter bestemte - helst eldre ý familiemedlemmer. Har ein då to ved namn Ola i slekta, kjennes det viktig at omgjevnadene ser kven av dei ein faktisk har kalla opp etter.

Ein er ikkje ukjend med tanken på å kalla opp etter til dømes vener, eller romanfigurar for den del, men det «krev» meir av den det vert kalla opp etter. Eksempelvis synest det meiningsfullt for mange å kalla opp etter avdøde vener. Fordi denne typen oppkalling er mindre vanleg enn den av slektningar, vert den eit ekstra verdiladd signal om heider, og sorg over den avdøde.

I mine samtalar med informantane, har vi gått igjennom namna i familien, frå olde- og besteforeldre og fram til yngste skot på stamma. Ofte kjem det fram at medan besteforeldre sine namn i stor grad er resultat av den tid sine lineære oppkallingsreglar, så har besteforeldra i sin tur valt å gå bort ifrå desse reglane når dei sjølve skulle velja namn til sine born. Likevel har desse oftast ikkje teke steget ut og valt namn heilt uavhengig av familietilknyting ý men har brukt ein mellomvariant.

Forbokstavsoppkalling og modernisering av eldre namn, som det å gjera Ingegjerd om til Inger, er døme på dette. Også fleire av informantane sine foreldre har brukt desse oppkallingsvariantane på sine born.

Å bruka forbokstavsoppkalling og å modernisera eldre namn kan tolkast som ein forsiktig måte å frigjera seg frå eit mønster som i mindre grad enn i dag var gjenstand for val. Hjå småbornsforeldra eg har snakka med, er denne typen oppkalling heilt fråverande, dei har berre brukt «rette» namnet dersom dei fyrst har kalla opp.

Reint namnemessig kan ein så sei at dagens småbornsforeldre liknar meir på olde- og tippoldeforeldre enn dei liknar foreldre og besteforeldre. Men den store skilnaden ligg i motivet for tradisjonsbruken ý eldre tid sine oppkallingstradisjonar var fyrst og fremst funksjonelle, deira verdi som tradisjon spela lita rolle. Det var såleis i det tradisjonen vart mindre sjølvsagt, at den vart sett namn på og gjeve ein verdi i seg sjølv.

I eit samfunn som vårt, med stor valfridom og mange ulike typar namn, vert namn og namnetypar kontrastert mot kvarandre. For mine informantar har dei gamle namna ei form for tyngde og kvalitet som nyare namn ikkje har. Også i våre dagar syner ein gjennom namnevalet tilknyting til ulike kollektiv og grupper, som heimstaden, nasjonen eller ei sosial gruppe. Informantane er særleg opptekne av at namnet ein vel ikkje skal kunna bli assosiert med sosiale miljø som ein ikkje identifiserer seg med.

Uavhengig av om ein har brukt slektsnamn eller oppkalling, er det viktig å velja eit namn som er i overeinsstemming med eigen nasjonalitet. Er ein norsk, vel ein såleis eit norsk namn. Samtidig er dei namn ein omtalar som «norske», ikkje nødvendigvis norske pr. definisjon, men dei har gjerne vore i bruk i Noreg dei siste par hundre åra eller lenger.

Mange av dei mest populære av dagens «norske» namn, er opphavleg tyske: namn som Henrik, Herman, Fredrik, Mathilde, Oda og Ida ý mange er greske, som Sofie, Helene og Thea, og svært mange har bibelsk opphav, som Sara, Hanna, Jonas, Daniel, Mathias og Markus. Det ein kallar utanlandske namn er såleis namn som har blitt tekne i bruk i Noreg grovt rekna etter andre verdskrigen.

Ei av årsakene til at så mange vel namn som var vanlege for 100 år attende og meir, kan vera at ein ser desse som eksotiske element i eigen kultur ý sett i forhold til eksempelvis dei vanlegaste namna i informantane sin foreldregenerasjon. Namn som Kjell, Gunnar, Gerd, Odd og Bjørg, hadde alle sin glansperiode kring 1940, og er mellom dei minst brukte på born i dag.

Like viktig som å knyta an til røtene i form av slektstilhøyrnad eller nasjonalitet/regionalitet, er det å velja eit namn få andre vel. Om oldefar var skotsk, er sjansen i dag stor for at ein vel å bruka hans namn, eller eit namn frå hans familiegrein. Om ein derimot hadde valt eit skotsk namn heilt ut av det blå, utan tilknyting til Skottland, er tanken at det berre ville blitt pretensiøst.

Slik byar, bygder, land og regionar leitar etter kulturelle perler i den eigne historia for å styrkja den samtidige identiteten, leitar folk i slektstreets støvete krikar og krokar for å finna «sitt» namn. Mange blir overraska når det seinare syner seg at poden deler namn med mange andre i barnehagen og på skulen. Men fordi mange i dag vel namn etter oldeforeldre og bakover, og vi veit at tilfanget i namn var mykje mindre for hundre år tilbake, seier det seg sjølv at mange deler dei same slektsnamna. I lag med det faktum at mange leitar i slektstrea etter det dei der og då ser som «uvanlege» namn, kan dette vera noko av årsaka til at så mange vel likt.

I namnebøkene heiter det at barnet får sin identitet med namnet. Å sjå namnet som knytt til identiteten synest såleis sjølvsagt. På spørsmål om kvifor dei har ynskt å kalla opp, eller bruka familienamn, svarar også fleire av mine informantar at det gjev meining fordi namnet er ein del av identiteten. Identitetsomgrepet får såleis eit nytt innhald i forhold til korleis det same omgrepet gjerne vert framstilt i media og fora for sjølvutvikling. I slike samanhangar er ideen om ein identitet i større grad knytt til det sjølvstendige individet, og til det å finna ein eigen kjerne, meir uavhengig av gitte faktorar som opphav, rase, slektstilhøyrnad og liknande.

Dagens namngjevingspraksis er slik prega av ei form for kollektiv individualisme ý denne gongen med basis i forestillinga om dei eigne røtene. Samtidig synest namnetrendane til fulle å gjenspegla samfunnet sitt andre fortidsfokus, der fortida vert sett som ei etisk, estetisk og uoppnåeleg sfære midt i blant oss.

Kva for namn ser vi for oss at småbornsforeldre anno 2100 vil velja? Sannsynlegheita er stor for at minst éin framtidig generasjon sine småbornsforeldre vil ta namn som Marianne, Bente, Geir Ove og Hege i nostalgisk bruk, og sjå desse som eksotiske minne frå ei svunnen tid.