JAN STEDJELærdal

Då lærdølene kom til møtet i 18-tida hadde ryktet spreidd seg i bygda om at statssekretær Stein Lier-Hansen i miljøverndepartementet ikkje var komen tomhendt over fjellet til Sogn. Ein kunne sjå det på smila i vandrehallen. Noko var kjent. Før folkemøtet. Og så kom "julenissen". Frå Oslo.

Skuffa ikkje For Lier-Hansen skuffa ikkje. Lærdølene fekk løfte om kanskje meir enn dei hadde vågå å tru på for laksen sin, etter fem vonde år med den frykta parasitten gyrodactylus i elva si.

— Veldig positiv respons på dette møtet, sa ordførar Olav Wendelbo til Bergens Tidende ved møteslutt i 21-tida.

I tre punkt skisserte Lier-Hansen regjeringen sin redningsplan for Lærdals-laksen, og for dei andre utryddingstruga norske villaksstammene. Det blir pengar til forskning på Lærdals-laksen. Det var det eine statssekretæren lova.

Elva kan kanskje bli heilt frisk igjen. Utanlandske og norske sportsfiskarar - og kongen - skal vende tilbake til fiskehølane i dronninga mellom norske lakseelvar. I Lærdal.

Norsk Villakssenter -Vi set også i gang nødvendige tiltak for å finne alternative metodar (til rotenon red.anm.) som kan utrydde lakseparasitten i Lærdalselva og i andre smitta vassdrag, sa Lier-Hansen på folkemøtet.

— I tillegg vil villakssentret få tilført midlar slik at sentret kan oppretthaldast som nasjonalt kompetansesenter for villaks, sa han.

Og så kom punkt 3:-Vi sender om få dagar et framlegg om å opprette nasjonale laksefjordar og laksevassdrag ut på høyring.

Regjeringen tek ikkje stilling til kva fjordar/vassdrag som får denne status før etter høyringa. Saka vil bli lagt fram i ein eigen stortingsproposisjon til hausten, sa Lier-Hansen.